Stikkordarkiv: Grafill

«Usynlige tegneserier»

Grafill har no lagt ut featuren «Usynlige tegneserier» (tekst: Pia Ekeland) på sine nettsider. Ein svært godt skrive artikkel som først og fremst omhandlar teikneseriar i bokhandelen – anbefalast på det varmaste.

Eg får bakoversveis kvar gong Håvard S. Johansen fortel om bokhandlarar som set Maus i barneavdelinga og Stop.Rec.Ffwd i musikkavdelinga. Eg skjønar at bokbransjen er så stor og inneheld så mykje forskjellig at ein ikkje kan forvente at alle bokhandlarar i Noreg skal ha tilsette med god peiling på alle sjangrane butikken sel, men teikneseriemediet er så etablert no at det må vera lov til å håpe at det skal tilhøyre unntaka at ein plukkar opp ei bok med ei teikning av Auschwitz på omslaget og tenkja «Dette er nok ei humorbok som passar fint i barneavdelinga». Klarer ikkje den enkelte bokhandel å sjå forskjellen, bør nokon – anten bokhandlarkjeda sentralt, Bokhandlerforeningen eller kanskje Den norske Bokdatabasen – gjera denne informasjonen tilgjengeleg for dei i ei passande database eller på annan måte. Det er svært godt å sjå at teikneseriegruppa i Grafill – ein av dei viktigaste ressursane teikneserie-Noreg har – tar tak i dette.

Eg er òg veldig spent på kva som kjem ut av denne setninga i siste avsnitt:

Grafill vurderer nå hvilken form et norsk nettmagasin om tegneserier eller en samleportal bør ha.

Følg denne lenkja for å lese heile featureartikkelen på Grafill.no.