Forfatterarkiv: Olaf

Raptus 2013, dag 3 – og oppsummering av helga

Sundag er som vanleg siste dag på Raptus. Det er òg tradisjonelt ein dag det skjer usedvanleg lite på festivalen, men noko var det jo.

Heilt til slutt i innlegget kjem eg òg til å forsøke å oppsummere litt av det eg tenkjer om festivalen totalt sett.

Les videre

Raptus 2013, dag 2: Den vanskelege andredagen

Det er ingen skånsam måte å seie dette på, så eg seier det like greitt rett ut: Eg misliker intenst Litteraturhuset i Bergen. Iallfall i konteksten «Raptus-arena».

Eitt av mine store negative punkt i gårsdagens blogginnlegg var at det ikkje var større gjestar på programmet. I dag er eg svært glad for at det ikkje var større gjestar på programmet, for lokala hadde overhovudet ikkje takla det.

Les videre

Raptus 2013, dag 1: Pippi Power

Første dag av årets raptusfestival er over, og då er det vel på sin plass å oppsummere mine inntrykk frå dagen. (Eg gjer merksam på at innlegget for å gi ei så umiddelbar kjensle av festivalopplevinga som mogleg er skrive i ein tilnærma uredigert stream of consciousness-stil, noko som tyder at denne artikkelen endte på over 2200 ord. Beklagar!)

For meg personleg er dette ein ganske spesiell raptusfestival – dette er første gong eg har vore på Raptus utan å sitja på stand. Planen var å stille på stand med ein presentasjon av ting vi jobbar med i Comicopia som eg håper at vi kan setja i gong med for fullt i løpet av dei næraste månadane, men dei siste nedsylta i arbeid at eg ikkje såg nokon annan utveg enn å foreslå for styreleiaren min at vi avbestiller Raptus-standen i år, rett og slett fordi vi på ingen måte hadde kapasitet til å produsere marknadsføringsmateriale til han.

Men det er ikkje berre for meg det har vore ein spesiell festival – det har det eigentleg vore for Raptus i seg sjølv òg. Det er nemlig veldig mykje som er endra sidan tidlegare festivalar.

Les videre

Tilfeldig tanke om teikneseriefestivalar

Dette er berre ein tanke som slo meg i samband med helgas Stribefeber:

Tenk deg at du bor i eit relativt lite land – eit land med berre 5 063 079 innbyggjarar ifølgje Wikipedia. Men sjølv om landet har få innbyggjarar, er det relativt store avstandar der, for landet består samtidig av 385 186 km2, framleis ifølgje Wikipedia.

Dersom det finst folk i dette landet som er interesserte i teikneseriar, er det ingenting i vegen for at dette landet kan ha ein teikneseriefestival. Dersom teikneserieinteressa er høg nok, er det forsåvidt heller ingenting galent med å ha fleire teikneseriefestivalar. Jada, eg veit: Ein gong for ikkje så lenge sidan trudde vi at dette landet berre hadde plass til ein teikneseriefestival, og at dersom nokon oppretta ein teikneseriefestival i Oslo, kom det til å ta livet av den eksisterande teikneseriefestivalen i Bergen. Men det skjedde ikkje.

Les videre

Synsing om kulturstøtta (vår 2013)

(Går det greitt at eg startar dette blogginnlegget med å gå ut frå at vi er einige om at Kulturrådet er ein av dei aller viktigaste aktørane i teikneserie-Noreg? Kan eg gå ut frå den plattformen i staden for å leggja fram masse argument om akkurat det? Ok. Puh).

Vårens prosjektstøttetildelingar frå Kulturrådet blei vedteke i rådsmøte 6. og 7. juni, og er no offentleggjorde på nettsidene til Kulturrådet. Sannsynlegvis er dei offentleggjorde for mange veker sidan, men då var eg på ferie, og eg såg for meg at dette kunne bli eit langt og omfattande blogginnlegg, så eg venta med å lese gjennom årets tildelingar til eg var heime. Eg gjekk ut frå at på dette tidspunktet ville det allereie vera fleire artiklar og diskusjonstrådar på nettet om årets tildelingar sånn at eg kunne kommentere dei viktigaste meiningane rundt årets tildelingar i dette innlegget, men eg har ikkje klart å finne andre diskusjonar om dette, så då får det bli ein annan gong.

Det var uansett veldig mykje interessant ved årets tildelingar, så la oss starte:

Les videre

Kva er ein debutant?

Raptus Internasjonale tegneseriefestival er «berre» to og ein halv månad unna. Om du skal dra på berre ein norsk teikneseriefestival i år… burde du ha dratt på OCX. Det seier eg ikkje fordi eg på nokon som helst måte har vald side i den evigvarande «striden» mellom teikneseriemiljøet i Bergen og teikneseriemiljøet på Grünerløkka, men ærleg talt, eg ville ha sagt det same om kva som helst festival med Scott McCloud på programmet. Når det er sagt: Dersom du har kapasitet til å dra på to teikneseriefestivalar i år, eller du er like dum som meg og planlegger mange månader i førevegen å reise på ferie dei første vekene av juni, er Raptus eit godt alternativ. Eg synest personleg at årets program og vinklinga rundt kvinnerøyster er ein av dei beste programideane Raptus har hatt på lenge, og festivalen gjer mykje spennande i år som det kan bli interessant å sjå resultatet av, mellom anna at festivalen for første gong (trur eg?) er gratis.

Men dette er ikkje meint å vera eit blogginnlegg om Raptus. Festivalen er mange månader inn i framtida, og eg kjenner meg sjølv og andre godt nok til å vite at dette er noko det kjem mange blogginnlegg om når festivalen nærmar seg. Dette innlegget skal handle om ein konkret ting som Raptus for ikkje så veldig lenge sidan la ut informasjon om på nettsidene sine: «Debutanten».

Les videre

Er Sproing den teikneserieprisen vi fortener?

På fredag delast Sproingprisen ut for tjuesjette gong (noko som tilseier at prisen har 25-årsjubileum i år! Gratulerer!), og det er ein årleg tradisjon at Sproing-juryen blir oversymja av kritikk kvar gong prisen skal delast ut. Nokre er ueinige i kven som blir nominerte. Nokre er ueinige i kven som vinner. Nokre er ueinige i kven som har lov til å røyste. Og nokre er berre ueinige i alt. Vel, sånn er det å vera engasjert i noko. Eg tviler ikkje på at både NTF-styret og Sproingjuryen gjer så godt dei kan, men sjølvsagt er vi ikkje einige om alt, og sjølvsagt er det lov til å snakke høgt om det.

Sproingprisen omtalast ofte som norske teikneseriars Oscar-pris, og det er ein pris vi skal vera stolte av, men for moro skuld kan det vera på sin plass å ta den hypotetiske diskusjonen: Kva burde vi eigentleg forvente av ein norsk teikneseriepris? Kva teikneseriepris fortener vi?

(Merk: Dette er ikkje meint som eit kritisk angrep mot Sproingprisen. Sjå meir på det som ein hypotetisk diskusjon rundt temaet «Dersom vi ikkje hadde hatt nokre teikneserieprisar i Noreg, og vi skulle opprette ein, kva hadde då Olaf meint at vi burde tenkja på?»)

Les videre

Scott McCloud kjem til OCX!

Eg fekk heilt hakeslepp då eg på onsdag las ei sak på Serienett om tre nye namn på gjestelista til OCX. At Martin Erntsen og Henry Bronken kjem til festivalen er sjølvsagt hyggeleg, men den store nyheita som verkeleg fekk meg til å sperre opp auga, var namnet Scott McCloud.

Foto: Olaf Moriarty Solstrand (t.v.) og Scott McCloud, oktober 2006.

Les videre

«Usynlige tegneserier»

Grafill har no lagt ut featuren «Usynlige tegneserier» (tekst: Pia Ekeland) på sine nettsider. Ein svært godt skrive artikkel som først og fremst omhandlar teikneseriar i bokhandelen – anbefalast på det varmaste.

Eg får bakoversveis kvar gong Håvard S. Johansen fortel om bokhandlarar som set Maus i barneavdelinga og Stop.Rec.Ffwd i musikkavdelinga. Eg skjønar at bokbransjen er så stor og inneheld så mykje forskjellig at ein ikkje kan forvente at alle bokhandlarar i Noreg skal ha tilsette med god peiling på alle sjangrane butikken sel, men teikneseriemediet er så etablert no at det må vera lov til å håpe at det skal tilhøyre unntaka at ein plukkar opp ei bok med ei teikning av Auschwitz på omslaget og tenkja «Dette er nok ei humorbok som passar fint i barneavdelinga». Klarer ikkje den enkelte bokhandel å sjå forskjellen, bør nokon – anten bokhandlarkjeda sentralt, Bokhandlerforeningen eller kanskje Den norske Bokdatabasen – gjera denne informasjonen tilgjengeleg for dei i ei passande database eller på annan måte. Det er svært godt å sjå at teikneseriegruppa i Grafill – ein av dei viktigaste ressursane teikneserie-Noreg har – tar tak i dette.

Eg er òg veldig spent på kva som kjem ut av denne setninga i siste avsnitt:

Grafill vurderer nå hvilken form et norsk nettmagasin om tegneserier eller en samleportal bør ha.

Følg denne lenkja for å lese heile featureartikkelen på Grafill.no.

Vi må snakke om Tegneseriens dag

Visste du at det var Tegneseriens dag i går?

Kva med kompisen din, han som kanskje kjøper Pondus ein gong i månaden, men ikkje engasjerer seg spesielt i teikneseriar utanom det? Visste han at det var Tegneseriens dag i går?

Sannsynlegvis ikkje. Tegneseriens dag, som for sju-åtte år sidan blei markert med glød og livslyst over heile landet, har utvikla seg til å bli ein parantes, som dei færraste teikneseriemiljø markerer. Kva var det som skjedde?

Les videre