Tilfeldig tanke om teikneseriefestivalar

Dette er berre ein tanke som slo meg i samband med helgas Stribefeber:

Tenk deg at du bor i eit relativt lite land – eit land med berre 5 063 079 innbyggjarar ifølgje Wikipedia. Men sjølv om landet har få innbyggjarar, er det relativt store avstandar der, for landet består samtidig av 385 186 km2, framleis ifølgje Wikipedia.

Dersom det finst folk i dette landet som er interesserte i teikneseriar, er det ingenting i vegen for at dette landet kan ha ein teikneseriefestival. Dersom teikneserieinteressa er høg nok, er det forsåvidt heller ingenting galent med å ha fleire teikneseriefestivalar. Jada, eg veit: Ein gong for ikkje så lenge sidan trudde vi at dette landet berre hadde plass til ein teikneseriefestival, og at dersom nokon oppretta ein teikneseriefestival i Oslo, kom det til å ta livet av den eksisterande teikneseriefestivalen i Bergen. Men det skjedde ikkje.

Så ein fekk to teikneseriefestivalar. Eller tre, for det eksisterte allereie ein i Voss. Seinare kom det ein i Harstad. I år har det i tillegg til Raptus, OCX og Krusedull dukka opp eigne teikneseriefestivalar i Sarpsborg, Kristiansand… og sanneleg har folka på Serieteket klart å lage ein teikneseriefestival til. For å halde innlegget så ryddig eg kan, kjem eg ikkje til å ta diskusjonen «Er Desucon ein teikneseriefestival?» i dette innlegget.

Men dersom ein går ut frå at landet faktisk har plass til alle desse festivalane, er eit openbart neste spørsmål, og det spørsmålet som fekk meg til å skrive dette innlegget, følgjande: Korleis bør desse festivalane arrangerast i forhold til kvarandre? For å illustrere kva eg meiner, her er to scenario:

Scenario 1: Raptus vs. OCX. Festivalane arrangerast på kvar si side av sommaren, rettar seg mot to relativt ulike målgrupper, og har naturleg nok vidt ulike gjestar.

Scenario 2: Raptus vs. Stribefeber. Festivalane arrangerast med berre ei veke mellomrom, og eg aner ikkje kven hovudmålgruppa for Stribefeber er, men eg legger merke til at mange av gjestane er dei same.

Kva av desse scenarioa er det som gagnar teikneserielandet best? Eg spør fordi eg ærleg talt ikkje har eit godt svar sjølv, men eg synest det er eit interessant spørsmål å stille.

Fordelen med å arrangere festivalar tett og gjenbruke gjestar, er at landet er stort i areal og at ein difor kan klare å få bra innhald ut til fleire menneske. På den måten kan òg folk i Kristiansand, folk som uansett ikkje har tenkt seg til Raptus, få med seg namn som Berliac, Evie Blake og Gail Simone. Og om Stribefeber hadde vore basert t.d. i Tromsø hadde dette vore ein langt større fordel: Om ein festival sørpå og ein festival nordpå hadde vore veldig tett og hatt dei same gjestane, kunne ein ha spleisa på å fly dei inn, og på den måten både fått dei ut til eit større publikum og hatt råd til å trekke inn enno større namn enn om ein skaffa folk kvar for seg.

Ulempa er at ein då kanskje går bort frå den patriotiske tankegongen med å samle seg rundt dei teikneseriefestivalane ein har, og at ein kan risikere å konkurrere om dei same folka. Det er ikkje heilt utenkjeleg at det finst folk i Kristiansand som kunne ha vore i målgruppa for Raptus, men som no ikkje vil sjå eit poeng i å dra, ettersom dei kan få med seg namn som Berliac, Evie Blake og Gail Simone i heimbyen istadenfor.

Dette er heilt oppriktig ei problemstilling eg ikkje har svaret på – så dette er på ingen måte meint som kritikk mot Stribefeber eller noko sånt. Om nokon skulle få eit inntrykk av at eg malar eit bilete av ein hard isfront mellom Raptus og Stribefeber trur eg heller ikkje at det er særleg korrekt, då Raptus-general Arild Wærness òg er blant gjestane på Stribefeber.

Men er avstandane i Noreg så store at det er ein smart idé at festivalane samlar seg, arrangerast med berre nokre dagars mellomrom, og stiller med dei same gjestane? Eller er det berre ein destruktiv måte å stjele kvarandres gjestar på?

11 tanker om “Tilfeldig tanke om teikneseriefestivalar

    1. Olaf Innleggsforfatter

      Eg kan ikkje heilt sjå korleis ho gjer det, Kristian. Spørsmålet mitt var ikkje «Er det eit samarbeid mellom Raptus og Stribefeber» – det håper eg at eg klarte å uttrykke at eg allereie gjekk ut frå.

      Mitt spørsmål gjekk meir på kva som eigentleg gagnar teikneserie-Noreg best, og då meiner eg i det store biletet, ikkje berre i samband med Stribefeber 2013. Har Raptus no mista potensielle gjestar som valde å møte opp i Kristiansand istadenfor? Hadde Stribefeber klart å trekke fleire menneske om dei hadde posisjonert seg litt lenger unna Raptus og med ei drastisk annleis gjesteliste? Eller er dette med å ta med seg gjestane sine rundt til mindre festivalar eit überpositivt tiltak som Noreg trenger meir av?

      Og som sagt, eg trur ikkje at eg har eit fasitsvar på dette sjølv.

      (Skal fikse kronologien, takk.)

      1. Kristian Hellesund

        Olaf: Hva som gagner tegneserienorge er en helt annen debatt. Du har jo allerede slått fast at det ikke finnes ett norsk tegneseriemiljø:

        http://seriebloggen.no/2013/05/dyrk-forskjellane/

        Det som er sikkert, er at Stribefeber og Raptus samarbeider. De hadde neppe gjort det om det ikke gagnet festivalene. Og da blir alt dette med for eksempel «å stjele kvarandres gjestar» ren spekulasjon.

        1. Olaf Innleggsforfatter

          Nei, det er ikkje ein heilt annan debatt – det er nøyaktig den debatten eg forsøkte å adressere med dette innlegget. Eg trudde at eg var tydeleg på dette – det store spørsmålet eg stillar er jo «Kva av desse scenarioa er det som gagnar teikneserielandet best?» – men kanskje det ikkje kjem så godt fram som eg skulle ønskje. Eg innser òg at akkurat i den setninga du siterer her har eg nok uttalt meg alt for tvetydig, det eg meinte med «gjestar» her var «besøkande».

          Eg er klar over at Raptus og Stribefeber samarbeider. Eg er sjølvsagt òg klar over at dei i samband med det samarbeidet på eit tidspunkt må ha tenkt gjennom «Gagnar dette samarbeidet oss?», og kome fram til sin konklusjon på det spørsmålet. Men ettersom dette er fundamentalt annleis frå måten norske teikneseriefestivalar har pleidd å bli arrangert på, synest eg likevel det er interessant å stilja spørsmålet «Er dette noko ein burde halde fram med og gjera i langt større grad, eller er det noko som gjer at dei teikneseriefestivalane som eksisterer vil lide og oppleve færre besøkande?».

          Og at det ikkje eksisterer eitt norsk teikneseriemiljø tyder ikkje at dei miljøa som finst ikkje bør forsøke å eksistere i balanse med kvarandre. Det ser ein jo fleire gode døme på at mange gjer òg, t.d. gjennom det gryande TegneserieBergen-samarbeidet.

          1. Kristian Hellesund

            Olaf: Der er du ved kjernen. Jeg tror vi trenger et bredt samarbeid om tegneserier her til lands. Samtidig må de ulike miljøene respektere hverandre og bruke ulikhetene og meningsforskjellene som en styrke i et samarbeid. Raptus samarbeider allerede med Krusedull og Stribefeber. I mine øyne bør det samarbeidet utvides og inkludere flere festivaler. Jeg tror for eksempel at et årlig samarbeidsmøte der festivalene deler erfaringer kan være en fordel for alle parter.

  1. Arild Wærness

    Interessante tankar. Eg kan lova at det ikkje ein einaste gong sveiv meg inn å tenkje: «Gagnar dette oss?». Det eg tenkte med ein gong eg fekk høyre om Stribefeber var: «Kva kan eg gjere for å hjelpe DEI, og dermed gjere SerieNoreg sterkare og rikare?» For det er faktisk noko eg bryr meg mykje om.

    Samarbeid mellom seriefestivalar burde vere like naturleg som det som skjer på musikkfronten. Du kan oppleve Kaizers på Stord, i Bergen, i Haugesund og Stavanger i laupet av 3 veker, og desse stadane ligg tett ved einannan. At nokre av «våre» gjester var i sør helga før Bergen verka berre spanande.

    Sjølsagt kan eg ikkje nekte dei å fronte Berliac, som var ein dei gjerne ville sjå nærare på. Han er sin eigen mann og reiser der han vert invitert. Eg tilbaud dei Blake, avdi me hadde laga ein fin utstilling som kanskje kunne berike deira lokale. Og sidan me alt hadde delt Simone med Cardiff helga før dette igjen, og ho bur på jenterommet vårt i påvente av Raptus, var det naturleg å tilby å bringe henne med ettersom eg likevel skulle dit, som Serietreff-deltakar.

    Dette er eksempel på korleis ting kan gjerast, og tilhøva vil garantert vera annleis ein annan gong. Men dei gode folka i sør, som allereie planlegg 2014, vil gjerne legge sin Feber til same helga for å nytta seg av potensielt samarbeid med oss her vest. Eg har allereie nokre ideear som kan verte interessante…

    Byane er annleis og miljøa er heilt forskjellige. Og me har så mykje meir å by på enn desse tre framifrå serieskaparane at det er nok å velje i, kanskje meir enn nok… Og då eg opplevde Blakes flotte framstilling av arbeidet omkring Crepax-arva kan eg sei så mykje – denne ser eg gjerne ein gong til. Ho var berre fabelaktig. Gled dykk, de som kjem til Bergen til helga!

  2. Kim Bredesen

    Hei,
    Bra at dere tar en debatt om hvorvidt samarbeid festival til festival gagner tegneseriemiljøer i Norge. Først og fremst tror jeg at avstanden mellom Kristiansand og Bergen og reisetiden med tog (ca. 8. timer) nok utgjør en hindring i seg selv for at tegnserieinteresserte i Kristiansand vil dra såpass langt. Derfor tror jeg der viktig å legge rette for at det opprettes møtesteder i de byene der folk faktisk befinner seg. Tviler også på om Bergen har blitt berøvet for særlig mange besøkende overhodet ved å arrangere Stribefeber (hvor mange dreier det seg i så tilfelle om 10-20 mennesker?).
    Hvis vi i Stribefeber tillot at majoriteten av festivalgjestene Raptus, ville jeg sagt at vi hadde en stort problem med vår egen evne til å være oppfinnsomme. Men synes ikke dette har skjedd under årets festival hvor kun tre gjestene står på programmet til Raptus. Vi synes vi fikk til en gunstig løsning som publikum satte stor pris på, hvor vi ga dem muligheten til å få et innblikk i tenkemåten og verkene til tegneseriekunstnere som både opererer nasjonalt, lokalt og internasjonalt. Derfor oppfordrer vi gjerne andre festivaler rundt om i Norge til å bistå hverandre både logistisk, men også når det gjelder å utveklse nye ideer for hvordan tegneserierdebatter kan nå frem til der folk faktisk bor, ellers tror jeg vi begrenser valgfriheten til publikum på måte som bare bygger opp under en situasjon hvor noen få ildsjeler er strandet på noen få øyer her og der i et langstrakt land.

Det er stengt for kommentarer.