Raptus 2013, dag 2: Den vanskelege andredagen

Det er ingen skånsam måte å seie dette på, så eg seier det like greitt rett ut: Eg misliker intenst Litteraturhuset i Bergen. Iallfall i konteksten «Raptus-arena».

Eitt av mine store negative punkt i gårsdagens blogginnlegg var at det ikkje var større gjestar på programmet. I dag er eg svært glad for at det ikkje var større gjestar på programmet, for lokala hadde overhovudet ikkje takla det.

Anekdotisk bevis

Eg var til dømes på programposten til Arild Midthun, Tormod Løkling og Knut Nærum. Det var ein ganske velbesøkt programpost, og etter programposten skulle trekløveret ha signering av bøkene sine. På Outland-standen, som låg i andre etasje saman med alle dei andre standane. Greitt nok. Med eitt unntak: Til tross for at standen lå i andre etasje, måtte signeringskøa stå i første etasje, fordi – og eg skulle ønskje at dette var tull – dei hadde ikkje lov til å ha så mange menneske i andre etasje på grunn av branntryggleik.

La meg gjenta: Outland-standen, som har lang tradisjon for lange signeringskøer på Raptus, var plassert ein stad der grensa for kor mange menneske vi kunne vera i etasjen var passert. Konsekvensen av dette var at etter andeforedraget eg var på, blei vi alle sendt ned ei trapp til første etasje… og i den trappa som gjekk opp, stod det ein utplassert Raptus-frivillig for å hindre folk å kome opp igjen. For meg som ikkje stod i signeringskø tydde dette i praksis at eg inntil vidare var kasta ut av Raptus (eg veit at folk i Raptus-leiinga leser dette, så kom gjerne med kommentarar om det berre var meg som misforstod heile situasjonen – men mi oppfatning var at ingen fekk lov til å gå opp den trappa bortsett frå dei signerande serieskaparane).

Ver så snill, Raptus. Gi oss ein festival i eit lokale som faktisk har så høg kapasitet at folk får lov til å kome inn.  mange menneske var det faktisk ikkje på festivalen, det berre føltes sånn fordi det var så utruleg trangt.

Dama som kjem til å vera «Heilt fantastisk til å vera så ung» til den dagen ho dør

Eg starta dagen med å gå på Ida Neverdahl-intervjuet (nei, eg nektar å kalle det «Ida vs. Ida», eg synest at både Larmo og Neverdahl er så dyktige serieskaparar at det blir teit at det ein skal blåse opp som den store greia i programmet er «Sjå, vi har to gjestar som heiter det same»).

Svært godt intervju med ein av Noregs aller beste serieskaparar. Ida Neverdahl er eit så fantastisk menneske at ein av mine store livsdraumar no er å ein dag få skrive eit manus for henne.

(Sjølvsagt om einhjørningar.)

Fifty billion shades of Washington D.C.

Klokka eitt starta presentasjonen til Ontonauts, representert av Morten Thomsen, Lars Schwed Nygård, Pål Roska Danielsen og Seber Laszlo.

WOW, eg fekk heilt bakoversveis av det som ikkje berre verka som eitt av norske teikneseriars beste konsept, men òg av måten serien lagast på (heile serieuniverset er Creative Commons, og alle kan lage sine eigne historiar – i eit univers som omtrent ikkje har grenser).

Dette er eit prosjekt eg både fekk lyst til å følgja med på framover og òg prøve å bidra til sjølv. Fantastisk initiativ!

Reiseskildring med sjarm

Like spennande var Ida Neverdahls og Øystein Rundes eventyr i Moskva. Første gong eg leste programmet var eg skeptisk til kva dette eigentleg gjekk ut på – mitt inntrykk var at dei berre skulle snakke om ein russisk teikneseriefestival… Men nei, dei har ikkje berre masse minner frå russlandsturen, dei har òg vald å lage ein teikneserie om opplevinga, ein teikneserie som eg trur det blei sagt at kjem ut i løpet av hausten på Jippi forlag, og den kjem eg definitivt til å kjøpe.

Reisedagbokstilen er framleis ganske uvanleg i norske teikneseriar, men her såg han ut til å vera gjort etter oppskrifta, med svært god gjennomføring, av to fantastiske teikneserieskaparar. Dette var noko så interessant som ein god norsk teikneserie om dagens Russland som både klarer å vera skildrande, humoristisk og samfunnskritisk. Og det er eit prosjekt eg synest at alle godt kan støtte opp om.

Går òg ut frå at eg ikkje er den einaste som håper at Rundes og Neverdahls originale teikneseriefigur «Arild Wærness» blir ein stor hit i cosplaymiljøet på Raptus 2014. Alle som var på programposten veit nøyaktig kva teikneserierute eg snakkar om.

«Nye KLM» – Midthun, Løkling og … Knærum? Bah, gløym det

Eg veit ikkje kor mange menneske som var på Steffen Kverneland-posten (eg gjekk iallfall ut frå at den kom til å vera helgas best besøkte), men om målet er å trekke folk (utan at eg skal skulde nokon for å vera populistiske, sånt er vel ikkje veldig populært for tida) er det sannsynlegvis ikkje ei frykteleg dårleg oppskrift å ha ein programpost som både handlar om Donald og har ein av Noregs største TV-kjendisar som ein av hovudpersonane.

Mykje av programposten var alle dei powerpointslidane som alle som nokon gong har vore på eit Midthun-foredrag allereie har sett. Programleiar Tonje Tornes gjorde ein god jobb med å både moderere og stille interessante spørsmål. Og for dei av oss som sit med litt innsyn i korleis Donald-historier vanlegvis blir laga, er det svært interessant å få eit innblikk i alt det som denne gjengen gjer annleis.

Dei viste òg fram smakebitar frå årets julehefte (dei gav publikum tausheitsplikt, så eg skal halde meg til å seie at eg synest at det ser ut som det beste norske-Donald-juleheftet så langt.)

Resten av programmet

Var eg verkeleg berre på fire programpostar? Hmm, ja. Det var fleire interessante programpostar, for all del.

  • Eg ville ha gått på Emily Carroll om det ikkje kolliderte med Ida Neverdahl.
  • Eg ville ha gått på «Kvinnestemmer om serier» om eg ikkje hadde hatt familie som insisterte på å kome til Bergen for å bruke litt tid med meg når eg først var i området.
  • Eg ville ha gått på Steffen Kverneland om eg ikkje hadde prioritert Ontonauts.
  • Eg ville ha gått på Teikneseriehovudstaden Live om det ikkje var for at Kamerat Bård Lilleøien hadde veldig lyst til å gå på Teikneseriehovudstaden Live, og eg bestemte meg for å vera grei og tilby meg å passe standen hans imens.
  • Etter det gjekk eg ut for å finne meg lunsj, og hadde det ikkje vore for at ikkje eg kom meg tilbake før tre-fire minutt over fem (sløvt av meg, eg veit), ville eg ha gått på Paul Gravett.
  • Det var òg eit par programpostar om ting som eg personleg ikkje er veldig engasjert i, men som eg veit veldig godt at mange andre er interessert i, og som eg difor synest at det er flott at dei set opp, anten temaet er manga eller nye julehefte.
  • Og eg har absolutt ingenting spesielt negativt å seie om dei programpostane eg ikkje har nemnt her heller.

Laurdagskonklusjon

Raptusprogrammet er greitt nok, det. Eg saknar som sagt dei store namna som folk faktisk har høyrd om, og ein klar strategi som kunne gjera at folk kom for å få med seg Lise Myhre og blei for å oppleve smalare serieskaparar dei ikkje hadde høyrd om – men det er diverre ikkje ein gong eit alternativ når lokalet er så lite. Legg til i reknestykket at det ikkje finst eit reelt vrimleområde, at trappene er einvegskøyrde (trappene hadde til og med bytta retning sidan i går!), og at det i periodar ikkje er mogleg å kome fram i standområdet fordi rommet er stappfullt av karnevalsdeltakarar utkledd som figurar frå anime, dataspel eller Doctor Who.

Eg hadde ikkje hatt problem med dette i det heile tatt om det var snakk om ein ny og eksperimenterande teikneseriefestival, men storebror Raptus har eg faktisk forventningar om at skal ha nok erfaring no til å ha eit slags overblikk over kva som fungerer og ikkje.

Eg synest òg det er litt tankevekkande at når eg set meg ned for å skrive ei bloggoppsummering av dagen er opplevinga mi av absolutt alle programpostane eg var på overveldande positiv, og likevel sit eg igjen med eit negativt heilheitsinntrykk av dagen.

Sunday People

Men eg kjem sjølvsagt tilbake på festival i morgon, og som i dag kjem eg nok til å vurdere fortløpande kva programpostar eg kjem til å ønskje å prioritere. Og ettersom eg på det tidspunktet er kasta ut av hotellet mitt, vil eg ikkje ha tilgong på Internett før eg er heime igjen, så det blogginnlegget får nesten vente til måndag.

4 tanker om “Raptus 2013, dag 2: Den vanskelege andredagen

  1. Jostein

    Eg er også blant dei som måtte gjere det tunge valet mellom anten å gå på intervjuet med Emily Carroll eller intervjuet med Ida Neverdahl. Det blei til at eg valde det første, og fekk dermed eit fint innblikk i måten Carroll lagar webcomics.

    Du nevner veldig mange punkt som eg er svært einig i, spesielt når det gjeld størrelsen på lokalet. Mangelen på et vrimleområde er svært reelll, og eg endte ofte opp med å slite litt for å manøvrere i folkemengda, samt for å sjølv ikkje stå i vegen for folk. Den mest naturlige løysninga på dette var kort sagt å oppsøkje eit intervju eller ein presentasjon. Og det var eigentleg det eg brukte mesteparten av tida på.

    Når det gjeld mangelen på gjester som er allmennt kjent… Det er jo sjølvsagt positivt at Arild Midthun og Knut Nærum var på plakaten, og det var ikkje overraskande å sjå eit ganske fullt auditorium under deira programpost. Men det går sikkert an å nevne teikneserieteiknarar i fleng som kunne ha dratt eit enda større publikum (dersom lokalet hadde tillete det). Når var Frode Øverli sist på ein Raptusfestival? Ok, Google fortel meg at det var i 2010, men poenget står likevel… Kva med Lise Myhre, som du nevner?

    Til slutt kan eg nevne at mitt eige heilheitsinntrykk er hovudsakleg positivt. Ja, det var eit annleis og nytt lokale med begrensa utstillingsplass og rom for salgsboder. Det set likevel ikkje ein stoppar for at eg blir veldig glad og inspirert av interessante intervju, diskusjonar og presentasjonar som handler om teikneseriar.

  2. Tilbaketråkk: Raptus 2013, dag 3 – og oppsummering av helga | Seriebloggen.no

  3. Tilbaketråkk: Raptusrapport 2013 | Olaf Moriarty Solstrand

Det er stengt for kommentarer.