Raptus 2013, dag 1: Pippi Power

Første dag av årets raptusfestival er over, og då er det vel på sin plass å oppsummere mine inntrykk frå dagen. (Eg gjer merksam på at innlegget for å gi ei så umiddelbar kjensle av festivalopplevinga som mogleg er skrive i ein tilnærma uredigert stream of consciousness-stil, noko som tyder at denne artikkelen endte på over 2200 ord. Beklagar!)

For meg personleg er dette ein ganske spesiell raptusfestival – dette er første gong eg har vore på Raptus utan å sitja på stand. Planen var å stille på stand med ein presentasjon av ting vi jobbar med i Comicopia som eg håper at vi kan setja i gong med for fullt i løpet av dei næraste månadane, men dei siste nedsylta i arbeid at eg ikkje såg nokon annan utveg enn å foreslå for styreleiaren min at vi avbestiller Raptus-standen i år, rett og slett fordi vi på ingen måte hadde kapasitet til å produsere marknadsføringsmateriale til han.

Men det er ikkje berre for meg det har vore ein spesiell festival – det har det eigentleg vore for Raptus i seg sjølv òg. Det er nemlig veldig mykje som er endra sidan tidlegare festivalar.

Gratis inngang

Eg synest det er svært imponerande at Raptus no har ein økonomi som gjer at dei kan tillate gratis inngang på festivalen. Det opnar for at langt fleire enn tidlegare vil ha moglegheit til å kome på festivalen – det er langt meir fristande å møte opp på eit arrangement når ein ikkje trenger å betale for å kome inn. Vel, det avhenger kanskje litt av kven ein ønskjar å trekke – for oss som reiser inn langvegsfrå er det nok heilt likegyldig om vi må betale nokre hundrelappar i døra eller ikkje, men for semiteikneserieinteresserte bergensarar tipper eg at dette absolutt kan bidra til å auke interessa for teikneseriar. Eg fekk ikkje eigentleg inntrykk av at det var så mange fleire menneske der enn det har vore tidlegare (nokre grunnar til det spekulerer eg i litt seinare i innlegget), men det kan ha vore mi feiloppfatning: Bård fortalte meg at det var dei beste salstala han hadde hatt på ein raptusfredag.

Nytt lokale

Dette var første gong Raptus blei arrangert på Litteraturhuset i Bergen – ifølgje Arild Wærness er dette òg første gong det arrangerast ein festival på Litteraturhuset, som opna dørene i mars. Eg er ikkje heilt sikker på kva eg synest om lokalet. Eg får inntrykk av at det er litt mindre enn tidlegare lokale (min første tanke då eg kom inn i Auditoriet var «dersom dette blir fast Raptus-lokale kan dei aldri invitere Don Rosa igjen»), og mitt inntrykk, som eg ikkje eigentleg har inngåande nok kunnskap om Bergen til å seie heilt sikkert, var òg at Litteraturhuset ligg i ei ikkje så veldig trafikkert gate samanlikna med tidlegare lokale. Eg blei òg litt forvirra av trappeløysinga i huset: Straks ein kom inn i huset kom ein til ei stor trapp der ei utplassert gulskjorte stod og stoppa folk frå å kome opp fordi det var ei ned-trapp, den trappa vi blei sendt til fekk vi lov til å gå opp men ikkje ned, og resten av dagen gjekk eg og nynna på «Om eg var ein rik mann» frå Spellemann på taket. Men alt i alt var det absolutt ikkje eit dårleg festivallokale, og det eg likte aller best var at alle tre foredragssalar pluss standområdet var samla på eitt plan. Det gjorde alt mykje meir oversiktleg, og kva er det? Jo, det er bra. (Sjølv om eg seinare fekk vite at det visstnok var to stands i første etasje òg. Eg såg aldri desse, men om dei står slik at ein må passere dei for å kome opp er det greitt for meg. Elles synest eg at det høyrast ut som ein uting.)

Standområdet

Eg nemnte at lokalet verka mindre enn tidlegare, og spesielt var nok det merkbart i standområdet, som dekka eitt rom. Her sat dei som hadde stands relativt tett, det hadde visst vore litt av eit puslespel å få alle saman inn, og eg er spent på korleis dette rommet kjem til å sjå ut i morgon dersom det faktisk kjem så mange menneske som eg trur og håper at vil kome. Uvant å ikkje oppleve på eiga hand korleis det er å ha stand, men eg fekk inntrykk av at dei som sat der hadde ein bra festival så langt. Det må òg nemnast at eg trur dette er første gong eg har sett Raptus setja ned foten og seie «no har vi ikkje plass til fleire stands» veker før festivalen. Dette lokalet tyder altså at det ikkje er plass til alle dei som ønskjer å ha stands der – eg trur ikkje at det eigentleg er eit kjempeproblem, dei ivrigaste bestiller nok i tide.

Ein ny ting som var ganske fantastisk med standområdet i år: Tradisjonen er jo at når ein sit på stand får ein ikkje med seg noko som helst av festivalprogrammet. I år blei alt som skjedde i auditoriet (største foredragssal) streama direkte på lerret i standområdet. Utruleg tøft tiltak, synest eg, som både gjer at dei som sit på stands får med seg programmet og at det er mogleg for folk å få med seg programmet sjølv dersom salen skulle bli full.

Tema: Kvinnestemmer

Eg trur òg at dette er første gong Raptus har hatt eit såpass klart tema som dei har i år: Eit hovudfokus på kvinnelege serieskaparar gir ein klar raud tråd i festivalprogrammet, og eg synest at det er tøft at Raptus faktisk framhever kvinnelege serieskaparar. Vel, eg synest iallfall at tanken er god; eg er usikker på kva eg synest om gjennomføringa.

For all del, eg synest at alle dei serieskaparane som er inviterte verkar veldig spennande, men eg tar meg sjølv i å lure på om det kanskje ikkje burde ha vore nokre litt meir kjente namn på gjestelista. For å parafrasere ein samtale eg hadde i lunsjen på jobb for nokre dagar sidan.

«Kven er det som kjem på Raptus, då?»

«Dei har fokus på kvinnelege serieskaparar i år, så…»

«Kjem Karine Haaland?»

«Eh, nei.»

«Kjem Zofies verden-damene?»

«Nei.»

«Kven er det som kjem, då?»

«Øh… Eitt augeblikk, så skal eg slå det opp.»

Eg synest at det er svært interessant at Raptus inviterer spennande gjestar eg ikkje har eit forhold til. Dagens beste programpost for meg var utan tvil Emily Carroll og Kate Craig, og eg blei svært inspirert til å setja meg langt betre inn i ting dei har laga. Men burde ikkje programmet helst ha innehaldt litt fleire namn som nordmenn flest har høyrd om, i tillegg til Lene Ask? Det er jo ikkje få å ta av: Lise Myhre, Karine Haaland, eller kva med bursdagsbarnet Inkalill?

Eg kommenterte nyleg til nokon i ein Facebook-samtale noko eg plutseleg la merke til: Tidlegare år har det pleidd å vera sånn at Raptus har presentert dei store publikumsmagnetane av typen Don Rosa, medan Oslo Comics Expo har budt på dei smale seriane som ikkje så mange har høyrd om. I år kjem Raptus med eit program med få namn folk kjenner så godt til, og dei siste to åra har OCX bydd på både Chris Ware og Scott McCloud. Held vinden på å snu?

Eg trur òg at symbolikken i å fokusere på kvinnelege serieskaparar hadde fungert betre om det var berre kvinnelege gjestar på festivalen, men då måtte ein ha stryke Steffen Kverneland frå gjestelista. Og Arild Midthun. Og la oss ikkje gløyma Mike Collins. Så det hadde sannsynlegvis vore eit litt for stort offer for Raptus-leiinga.

Debutantprisen

Bergen kommunes debutantpris har eg blogga om tidlegare, og som forventa var dei fleste av dei hovudnominerte nettserieskaparar – ikkje fordi nettseriane var betre, men fordi det er blitt så vanleg å lage nettseriar i dag at det augeblikket ein aksepterer all nettpublisering som publisering, vil dei fleste som debuterer med trykte teikneseriar sannsynlegvis vera folk som har hatt seriar på nettet tidlegare.

Eg trur ikkje at nokon blei overraska over at Kristian Hammerstad vann Debutanten for Kryp. Velfortent pris, og det er berre å gratulere.

Ein tankevekkande ting eg la merke til: Hammerstad var ikkje til stades, så han hadde på førehand sagt til Arild Wærness at Jippi eller No Comprendo kunne ta imot prisen på hans vegne – men då Arild spurte om det var nokon frå dei forlaga til stades i salen, var det ikkje det. Eg synest ikkje det er så veldig mange år sidan Raptus var den store hendinga i teikneserie-Noreg som alle forlaga såg det som eit must å delta på – her har det skjedd noko som eg trur at Raptus bør ta tak i. Eg aner ikkje kvifor så mange forlag ikkje møter opp på Raptus. det kan godt hende at dei har ein god grunn til det, men for Raptus’ del trur eg at det er noko dei ville ha tena på å endre.

Blei forøvrig positivt overraska over at prisen blei delt ut som ein del av opningsseremonien, for eit fullsett auditorium. Sist eg var på ei Debutanten-utdeling (eg trur det kan ha vore i 2006), skjedde det på det minste rommet i lokalet, og svært få gadd å møte opp. Dette er så viktig at det fortener helgas største publikum, så her har Raptus definitivt prioritert rett. Det blei òg hinta om at storleiken på premien kan auke til neste år, noko som eg synest høyrast svært lovande ut.

Resten av programmet

Raptus har i år som tidlegare tre parallelle løp, noko som sjølvsagt gjorde det umogleg for meg å gå på alle programpostane. Eg fekk med meg intervjuet med Ida Larmo (fint fokus på interessant norsk serieskapar eg veit utruleg lite om, her kan eg forøvrig nemne at det var overraskande få menneske til stades i salen), presentasjonen av Tegneloftet (heilt greitt, informasjon om kva Tegneloftet er, sannsynlegvis i hovudsak retta mot dei som aldri har høyrd om Tegneloftet før) og foredraget om speldesign med Emily Carroll og Kate Craig.

Ein kan sjølvsagt spørja om eit foredrag om speldesign eigentleg har noko å gjera på ein teikneseriefestival, på same måte som eg fleire gonger har lurt på kva cosplay eigentleg har å gjera på ein teikneseriefestival. I denne konteksten føler eg likevel at det fungerte svært godt. Det var snakk om at inviterte teikneserieskaparar fekk ei time til å snakke om arbeidet sitt i eit anna medium dei jobbar i, og akkurat som teikneserien er det eit medium i skiljet mellom historieforteljing og illustrasjon. Eg ville nok ha klødd meg i hovudet og lurt på kva Raptus-leiinga eigentleg hadde tenkt dersom EA eller Ubisoft hadde vore invitert for å vise fram dei nyaste spela sine, men dette innslaget føltes veldig rett for Raptus. Og det var ikkje berre eg som sette pris på det – det var fleire menneske i rommet enn det var stolar.

Carroll viste fram og snakka om The Yawhg, og eit uferdig spel eg diverre ikkje noterte tittelen på. Craig viste fram og snakka om Gone Home. Eg kjem nok til å prøve å få kjøpt begge desse spela i nær framtid. Ei svært verdig avslutning på kvelden!

Kritikerseminaret på dagtid var eg ikkje til stades på, så det kan eg ikkje seie noko om. Eg var heller ikkje på programpostane med Gail Simone, Sarah Oleksyk, Berliac, Kim Holm og Solstorm, eller Lene Ask.

Dagens tips

Har du lyst til å arrangere teikneseriefestival, og ønskjer å lære av andres feil? Ok, skal eg vurdere festivalopplevinga så langt trur eg nok at denne Raptus-fredagen kjem positivt ut, men sjølvsagt er det alltid noko som kunne ha fungert betre:

  • Eg skjønner at det kan vera vanskeleg å skaffe frivillige, men eg trur at når ein køyrer festival med tre parallelle programpostar, er det ein kjempefordel dersom ein kan ha tre teknisk kompetente gulskjorter, ein til kvar foredragssal, som kan vera til stades for å ta tak i det dersom noko ikkje fungerer som det skal. Tegneloftet-programposten starta eitt kvarter etter planen på grunn av tekniske problem, og på den tida observerte eg menneske som ankom rommet og deretter gjekk igjen fordi dei ikkje gadd å vente på at ting skulle kome i gong. Det burde helst ikkje skje.
  • Når ein av programpostane er ein metal-konsert, trur eg at det kunne ha vore lurt å ikkje avhalde denne samtidig som det er program i rommet ved sidan av. Solstorm spilte medan Carroll og Craig haldt foredraget sitt, og musikken var til tider ganske forstyrrande.

Men alt i alt er eg altså fornøgd med Raptus-fredagen – og svært spent på resten av helga.

Tomorrow is Saturday, and Sunday comes afterwaaaards

Eg har foreløpig ikkje gjort meg opp dei heilt store tankane om morgondagens program, vil nok stort sett ta det etterkvart som det kjem, men eg føler for å kommentere at eg synest at det er svært teit av Raptus å setja opp Emily Carrolls programpost om webcomics samtidig som det store Ida Neverdahl-intervjuet. Er det berre eg som mistenker at desse programpostane har nøyaktig same målgruppe?

Fredagskonklusjon

Det er gjort mange endringar frå tidlegare festivalar, og så langt føler eg at desse endringane fungerer relativt greitt, sjølv om eg saknar dei heilt store trekkplastra på programmet. No er det rettnok ikkje nytt at Raptus gjer endringar, dei har lang tradisjon for å eksperimentere med nye ting for å leggja dei frå seg når dei innser at dei ikkje fungerer. Dei forsøkte å flytte festivalen til oktober eit år. For nokre år sidan gjeninnførte dei Raptusprisen, og dei byrja med «Artist in Residence». I fjor kutta dei festivalen frå tre til to dagar. Alt dette er ting som no er endra tilbake igjen, så kva som blir med vidare av årets endringar gjenstår å sjå. Men så langt liker eg årets festival.

2 tanker om “Raptus 2013, dag 1: Pippi Power

  1. Tilbaketråkk: Raptus 2013, dag 3 – og oppsummering av helga | Seriebloggen.no

  2. Tilbaketråkk: Raptusrapport 2013 | Olaf Moriarty Solstrand

Det er stengt for kommentarer.