Synsing om kulturstøtta (vår 2013)

(Går det greitt at eg startar dette blogginnlegget med å gå ut frå at vi er einige om at Kulturrådet er ein av dei aller viktigaste aktørane i teikneserie-Noreg? Kan eg gå ut frå den plattformen i staden for å leggja fram masse argument om akkurat det? Ok. Puh).

Vårens prosjektstøttetildelingar frå Kulturrådet blei vedteke i rådsmøte 6. og 7. juni, og er no offentleggjorde på nettsidene til Kulturrådet. Sannsynlegvis er dei offentleggjorde for mange veker sidan, men då var eg på ferie, og eg såg for meg at dette kunne bli eit langt og omfattande blogginnlegg, så eg venta med å lese gjennom årets tildelingar til eg var heime. Eg gjekk ut frå at på dette tidspunktet ville det allereie vera fleire artiklar og diskusjonstrådar på nettet om årets tildelingar sånn at eg kunne kommentere dei viktigaste meiningane rundt årets tildelingar i dette innlegget, men eg har ikkje klart å finne andre diskusjonar om dette, så då får det bli ein annan gong.

Det var uansett veldig mykje interessant ved årets tildelingar, så la oss starte:

Illustrasjonsfoto: Stig-Espen Soleng, sxc.hu

Illustrasjonsfoto: Stig-Espen Soleng, sxc.hu

Tildelingar – vår 2013

For ordens skuld: Eitt av desse prosjekta – Norske Tegneserier i Moskva – fekk støtte i fagutval 28. februar, altså ein del tidlegare enn dei andre prosjekta. Her har eg sett på 1. halvår 2013 under eitt – inkludert dette prosjektet.

21 prosjekt har fått støtte i år, frå 14 ulike søkarar. Til saman har desse fått tildelt 795 000 kroner, og dei som har motteke støtte i år er:

  • No Comprendo Press - 180 000 kr
  • Cappelen Damm – 165 000 kr
  • Jippi forlag - 90 000 kr
  • Uberpress – 70 000 kr
  • Raptus Bergen Tegneseriefestival – 60 000 kr
  • Magikon forlag – 50 000 kr
  • Grafill – 35 000 kr
  • Johann Grimstvedt – 35 000 kr
  • Krusedull Tegneseriefestival – 25 000 kr
  • Inkalill forlag – 25 000 kr
  • Laksevåg forlag – 20 000 kr
  • Ulstadløkken forlag – 20 000 kr
  • Egmont Serieforlaget – 10 000 kr
  • Schibsted forlag AS – 10 000 kr

Ikkje verst. La oss sjå litt nærare på kva som eigentleg ligg bak desse tala. Eg kjem til å trekkja fram dei momenta eg personleg synest er mest interessante, men heile lista har du moglegheit til å lese sjølv på nettsidene til Kulturrådet.

Fordi eg liker å sjå på dei større samanhengane, og fordi eg er klin galen, har eg òg kompilert ei liste over alle tildelingar til teikneseriar frå Kulturrådet frå 2011-2013. Eg lover ikkje at den lista er heilt utan reknefeil.

Men her er iallfall dei tinga eg la litt merke til.

Maktskifte i teikneserie-Noreg?

Det er ikkje uvanleg at Egmont, Jippi og No Comprendo får store tildelingar frå Kulturrådet, og No Comprendo ligg denne gongen heilt på toppen av lista over kven som får mest støtte. Men eg legg merke til ein fjerde aktør som no verkeleg byrjar å hevde seg her: Cappelen Damm.

Eit argument eg meiner å ha høyrd ofte i kampen for å få ei eiga innkjøpsordning for teikneseriar, var at det ville føre til ei oppblomstring i satsing på teikneseriar blant dei tradisjonelle bokforlaga. Her er det definitivt Cappelen Damm som har kome best ut: Det er dei som har gitt oss både Drabant og Apefjes, to av dei mest spennande teikneserieprosjekta i Noreg dei siste åra, i tillegg til å mellom anna vera forlaget til Flu Hartberg.

Ser vi på samanlagttala mine for 2011-2013 finn vi òg fleire tradisjonelle bokforlag på lista. Aschehoug er fråverande, men Gyldendal har fått 55 000 for å utgi Futen av Runde og Solberg. Magikon forlag, som iallfall eg personleg forbinder først og fremst med billedbøker, ser ut til å ha berre ein stor teikneserieskapar i stallen, men den serieskaparen er til gjengjeld ingen ringare enn Jason. Minuskel forlag har òg for alvor etablert seg som teikneserieforlag, men då dei først og fremst gir ut oversatte bøker har dei såvidt eg kan sjå berre fått prosjektstøtte for Peer Gynt tegneserieroman av Geir Moen og David Zane Mairowitz.

Det er likevel verdt å merke seg at det har blitt stuereint for bokforlag å gi ut teikneseriar, og sjølv om dei fleste av dei framleis ligg eit stykke bak tradisjonelle teikneserieforlag som Jippi og No Comprendo, viser Cappelen Damm at dei absolutt kan hevde seg når dei ikkje sparer på krutet.

Apropos Egmont

Samanlagt for dei siste åra er Egmont Serieforlaget den institusjonen som har fått klart mest kulturstøtte under denne ordninga. Difor var det forsåvidt interessant å sjå at dei berre hadde eitt prosjekt på lista denne gongen, som dei får skarve 10 000 kroner til. Inntil eg høyrer noko anna vel eg å gå ut frå at dette er heilt tilfeldig og at dei fleste av dei store søknadane deira kjem til hausten.

Men samla sidan 2011 har Egmont fått 1 225 750 kroner – nesten like mykje som andreplass Jippi (781 000) og tredjeplass No Comprendo (626 000) har fått til saman. Dei største er framleis størst, og i teikneserie-Noreg er det nok liten tvil om at Egmont er størst – og kjem til å vera det ei stund.

«Er det riktig av Egmont å motta ein såpass stor andel av den statlege tildelinga til å lage teikneseriar?» spør kanskje mange. «Burde ikkje desse pengane heller gått til dei små forlaga som treng desse pengane for å klare å gi ut noko?» Det går sjølvsagt an å meine det, men personleg har eg ingen problem med å at Egmont tar eit såpass stort kakestykke. Mange ler sarkastisk av at «Ja, Pondus og Nemi trenger verkeleg kulturstøtte», men …

Det er ikkje Pondus og Nemi som får kulturstøtte. Dei store mottakarane av Egmonts kakestykke er sjølvsagt ikkje Frode Øverli og Lise Myhre. Støtta Egmont har motteke har i stor grad gått til biseriane i desse blada. Ved å fokusere så sterkt som dei har gjort på norske biseriar i blada sine i staden for å velja billigruta og trykke opp Hårek og Blondie, har Egmont vore ein av dei aller viktigaste bidragsytarane til at det norske teikneseriemiljøet, iallfall på humorstripefronten, er så bra som det er. Det fortjener dei både respekt, beundring og kulturstøtte for. Det største prosjektet dei har fått støtte til dei siste åra som ikkje er ein biserie i eit stripeblad er forøvrig Krüger & Krogh.

I tillegg har dei òg fått ein del støtte bl.a. til julehefter. Meh, heilt greitt. Eg er ingen stor juleheftefan sjølv, men det er absurd mange som er det, og då er det greitt at dei som faktisk gidder å utgi alle dei klassiske juleheftene får eit lite symbolsk beløp for det.

Ingen store skruballar i år

Dei store debattane rundt kulturstøtta tidlegare har ofte vore basert på det mange har opplevd som kontroversielle tildelingar, til dømes når storaktørar som Egmont har fått veldig mykje av pengane (og det skjedde jo ikkje i år), eller Kulturrådet har vald å gi pengar til prosjekt Laksevåg forlags Serietreff, eller drift av nettstadar som Serienett og Nettserier. Sånt er det ikkje så mykje av i år. Dei «gærnaste» prosjekta på menyen i år ser ut til å vera Raptusfestivalens «Prosjekt Norske Tegneserier i Moskva», som fekk 25 000, og elles er det gitt pengar til seminar på OCX og Raptus og til gjennomføring av Krusedull Tegneseriefestival. Bortsett frå desse fire prosjekta har resten av støtta gått til teikneseriar. Mitt inntrykk er at dei fleste av desse seriane får albumstøtte, og at berre nokre få får kortseriestøtte. Alt i alt slår dette meg som ei svært lite kontroversiell fordeling av kulturpengane.

Det går an å vera liten (om ein er hordalending)

Dei store aktørane i teikneserie-Noreg er og har lenge vore, etter mi meining, Egmont, Jippi og No Comprendo. Ja, ein kan kanskje meine at Jippi og No Comprendo framleis bør kallast småforlag, men i norsk teikneseriesamanheng er dei gigantar, og saman med Egmont er det òg dei som får mest kulturstøtte. Ikkje overraskande, synest eg.

Men ein ting som overraska meg kraftig då eg byrja å setja saman ei liste over dei største kulturstøttemottakarane i 2011 og 2012, blei eg veldig overraska over fjerdeplassen: Laksevåg forlag. (Tar vi med 2013-tala har Cappelen Damm gått forbi Laksevåg, så dei ligg no på fjerdeplass.)

Eg veit ikkje kva det er med Laksevåg, men eg har alltid oppfatta dei som ein underdog. Dei fleste av seriane deira har vore utgitt i ein idealistisk stil der serieskaparane har delteke for moro skuld utan å få ei krone for det (nokon som hugsar FLEIP?), og albuma dei har utgitt har samtidig vore klassiske humorseriar og under-undergrunnsseriar: vi snakkar serieskaparar som Bård Lilleøien, Arne Bye og Eirik Andreas Vik, album der ein har fekk inntrykk av at forlagsredaktøren har gitt ut ting på fritida og finansiert det med dagjobben ikkje for å tjene dei store summane, men fordi han syntes at det var gøy å utgi teikneseriar. Etterkvart kom det andre prosjekt. Laksevåg starta ein blogg om teikneseriar som dei stolt hevder at er «Norges eneste tidsskrift om tegneserier». Laksevåg byrja å reise rundt i Noreg og halde paneldebattar som dei seinare publiserte som podcastar. Eg aner ikkje kor stor oppslutning eller kor store salstal dei har hatt, men dei har iallfall blitt lagt merke til av Kulturrådet: I 2011-2013 har dei fått 415 000 kroner i kulturstøtte – 95 000 til Sagaen om Dadaph Serraph, resten til Serienett, Serietreff og liknande.

Ein annan underdog som har bemerka seg svært godt på listene til Kulturrådet, er Uberpress. Uberpress er nok eit forlag som gir meg veldig ei kjensle av at dette er serieskaparar og forleggjarar som brenner for det dei driver med, og det har tydelegvis òg Kulturrådet lagt merke til, for Uberpress har fått støtte til både UberZombieUberMaritimt og UberViking. I år har dei òg fått støtte til det eg trur er forlagets første soloutgiving, Ola Olsen Lysgaards Haugson. Til saman: 190 000 kroner på svært kort tid,

Poenget mitt er ikkje å rakke ned på Laksevåg og Uberpress, og eg håper at det ikkje oppfattast slik. Poenget mitt er at ein ikkje  vera Egmont eller eit anna svært og kjent forlag for å få kulturstøtte – så lenge ein brenner for det ein driver med. Eg tipper at det er ganske mange som får avslag, men så lenge ein har ildsjeler som Laksevåg og Uberpress er det iallfall tydeleg at kulturstøtteordninga fungerer godt for småforlaga òg.

Bisk og Nærkamp

Eitt av dei vanlegaste diskusjonstemaa i teikneserie-Noreg er at alt for mange av dei storslåtte seriane vi lagar er for vaksne, og at vi står i fare for å miste neste generasjon. Ja, vi har Anna Fiske og Rabbel, men vi treng fleire. Difor gir det meg ei svært herleg kjensle å kunne lese at Cappelen Damm får støtte til å lage teikneseriar med Bjørn Ouslands Bisk. Vi veit at Ousland kan teikneseriar, samtidig som Bisk er ein figur vi forbinder mest med biletbøker og som definitivt har ei langt yngre målgruppe enn t.d. Jason har. Bisk er ein figur unger kjenner, og eg trur at det kan vera svært interessant å få figuren som teikneserie.

Og eg krysser fingrane for at dette skal fungere, for tenk dykk kor mange kule idear biletbokforlaga kjem til å få dersom det viser seg at overgangen frå biletbok til teikneserie er enkelt gjennomførbar. Sjå for dykk ei ny bølgje av norske barneteikneseriar som i tillegg til namn som Anna Fiske og Inkalill kan vera leia av forfattarar og ilustratørar som Svein Nyhus, Bjørn Rørvik, Tor Åge Bringsværd, Kari Stai, Akin Dukazin …

Og apropos forfattarar og illustratørar – eg merkar meg òg tittelen Nærkamp av Line Halsnes og Axel Hellstenius, òg frå Cappelen Damm. Tipper at den har ei langt eldre målgruppe enn Bisk, men eg synest likevel det er spennande at vi her tydelegvis får ein ny teikneserie frå to menneske som vi frå tidlegare kjenner best som biletbokillustratør og skjønnlitterær forfattar. Det er kanskje eit sjansespel, og eg aner sjølvsagt ikkje om resultatet kjem til å bli bra, men eg diggar at dei prøver.

Ei slags oppsummering

Alt i alt ei spennande tildeling utan dei heilt store overraskingane, kanskje bortsett frå at Egmont Serieforlaget var nesten fråverande dette halvåret. Sterke krefter som Jippi og No Comprendo held koken, men får konkurranse av «nye» aktørar som Uberpress og Cappelen Damm. Bortsett frå Krusedull Tegneseriefestival og Johann Grimstvedt ser alle desse søkarane ut til å ha fått støtte tidlegare. Dei 21 som har fått støtte kjem frå fem ulike fylke, og av dei 17 teikneseriane på lista ser eg fem titlar som ser ut til å ha minst ein kvinneleg serieskapar (ikkje inkludert eventuelle kvinner i Geir Onimo og UberViking). Ingen enkeltprosjekt har fått meir enn 50 000 kroner, og blant dei som har fått mest støtte finn vi alt frå dei vi verkeleg forventar å finne her (t.d. Jason, Lars Fiske) til dei vi kanskje ikkje kjenner så godt frå før (i mitt tilfelle t.d. Silje Rønneberg Hogstad eller Kristian Krohg-Sørensen).

Er årets tildeling ei bra tildeling der dei beste prosjekta har fått støtte? Eg aner ikkje. For det første fordi det er eit svært subjektivt spørsmål, men sjølv for å ha ei subjektiv meining om dette, må ein nesten først setja seg ned og lese alle søknadane (Kulturrådet har offentleg postjournal, så alle som ønskjer det kan setja seg ned med han, grave fram referansenummer på alle søknadane, og be om å få dei tilsendt), inkludert dei som ikkje har fått støtte (og ettersom det ikkje er offentleggjort ei liste over dei, er det litt vanskelegare). Gjennomførbart? Ja. Noko eg gidder å gjera for å gjera meg opp ei subjektiv meining eg kan presentere i eit blogginnlegg? Neh.

Men utan å vite kva som ligg bak kvar søknad, og utan å ha kjennskap til kva prosjekt det er som har fått avslag i år, kan eg iallfall seie at årets liste inneheld ein del titlar eg allereie merker at eg ser fram til, interessant nok inkluderer dette mange av dei serieskaparane eg ikkje har eit forhold til.

Og tildelingane frå Kulturrådet pleier å vera svært tonegivande for kva det blir satsa på i norske teikneseriar, så så lenge dei klarer å presentere ei liste med såpass mange spennande titlar, er det meir enn godt nok for meg.

En tanke om “Synsing om kulturstøtta (vår 2013)

  1. read more

    Simply desire to say your article is as surprising. The clearness for your post is simply excellent and that i could think you are an expert on this subject.
    Well together with your permission let me to snatch your
    feed to keep updated with imminent post. Thanks a million and please carry on the
    gratifying work.

Det er stengt for kommentarer.