Kva er ein debutant?

Raptus Internasjonale tegneseriefestival er «berre» to og ein halv månad unna. Om du skal dra på berre ein norsk teikneseriefestival i år… burde du ha dratt på OCX. Det seier eg ikkje fordi eg på nokon som helst måte har vald side i den evigvarande «striden» mellom teikneseriemiljøet i Bergen og teikneseriemiljøet på Grünerløkka, men ærleg talt, eg ville ha sagt det same om kva som helst festival med Scott McCloud på programmet. Når det er sagt: Dersom du har kapasitet til å dra på to teikneseriefestivalar i år, eller du er like dum som meg og planlegger mange månader i førevegen å reise på ferie dei første vekene av juni, er Raptus eit godt alternativ. Eg synest personleg at årets program og vinklinga rundt kvinnerøyster er ein av dei beste programideane Raptus har hatt på lenge, og festivalen gjer mykje spennande i år som det kan bli interessant å sjå resultatet av, mellom anna at festivalen for første gong (trur eg?) er gratis.

Men dette er ikkje meint å vera eit blogginnlegg om Raptus. Festivalen er mange månader inn i framtida, og eg kjenner meg sjølv og andre godt nok til å vite at dette er noko det kjem mange blogginnlegg om når festivalen nærmar seg. Dette innlegget skal handle om ein konkret ting som Raptus for ikkje så veldig lenge sidan la ut informasjon om på nettsidene sine: «Debutanten».

På Raptus.no kan vi no lese at Bergen kommunes debutantpris gjeninnførast i år. Teikneserieprisar kan vi aldri få for mange av, og Sproing har i år lagt ned sin debutantpris, så det er absolutt interessant å merke seg at Debutanten gjenoppstår. Men ei slik utdeling bringer unekteleg med seg det vanskelege spørsmålet som det må takast stilling til: Kva pokker er eigentleg ein debutant?

Gut som fargeleggjer ei fargeleggjingsbok.

Debutant? Foto: Lavinia Marin, stock.xchng

Utdelarane har forsøkt å svare på det, men eg føler at den definisjonen dei opererer med sannsynlegvis øydelegger for det prisen forsøker å oppnå. Her er Bergen kommunes definisjon:

Debutantprisen 2013 skal gis til den som folket og en jury mener er den tegneserieskaper som har utmerket seg som beste nykommer i perioden 1.1.2012 til 1. juni 2013. Alle som har publisert en tegneserie for første gang i denne perioden er kvalifisert. [utheving i original.

Kandidater kan ha blitt publisert på nettserier, i hefter, album eller aviser. Nominasjoner skal henvise til publikasjon for å lette juryens arbeid.

Så … Alle som har blitt publisert for første gong i perioden kan nominerast. Og med publikasjon meinast … hefter, album, aviser og nettseriar.

Som mangeårig forkjempar for digitale teikneseriar og Nettserier-vevmeister i heile konkurranseperioden, burde eg sjølvsagt vera stolt og beæra over at dette anerkjennast som publisering av Bergen kommune (sjølv om eg går ut frå at dei med «nettserier» meiner all nettpublikasjon, ikkje berre Nettserier.no). Og de kan banne på at eg kjem til å setja meg ned i god tid før nominasjonsfristen 1. august og kompilere ei liste over alle nykomarar på Nettserier i konkurranseperioden som skal sendast i juryens retning! Men eg lurer på om dei eigentleg har tenkt over konsekvensen av dette – at ein det augeblikket ein har publisert noko på nettet ikkje lenger kan kalle seg debutant.

Det vil altså seie at alle serieskaparar som publiserte noko på nettet før 1.1.2012, uavhengig av når dei hadde sitt gjennombrot, er diskvalifiserte frå å vinne Bergen kommunes debutantpris.

Det vil igjen seie, etter mi meining, at dette er ein pris for dei som er heilt i startgropa. Og det er ingenting galent med det – det er tøft å ville gi dei ein eigen pris. Men det er openbart ikkje den gruppa prisen har retta seg mot tidlegare – på lista over tidlegare vinnarar nemner Raptus.no «Lise Myhre, Lars Lauvik, Ronja Berge, Geir Moen og Mads Eriksen». Og eg innbiller meg at alle desse vann prisen ikkje då dei starta opp, men då dei verkeleg byrja å gjera seg eit namn. Eg veit ikkje kva år t.d. Lise Myhre vann prisen, men om Debutanten starta opp i 2000 og Myhre stod på trykk i mainstreambladet Larsons Gale Verden allereie i 1997, seier det seg uansett at matematikken ikkje heilt går opp. Det er openbart at prisen tidlegare har sikta på å trekkje fram skaparar som gjer eit gjennombrot.

Det finst mange måtar å definere ein debutant på. Det var til dømes mykje debatt i fjor, då Sproing-juryen (der eg var medlem) nominerte Børge Lund i kategorien Beste nykomar. Det var ikkje eg som foreslo Lund som kandidat, men eg meiner framleis at han var ein god kandidat – Sproing har tradisjonelt vore svært utilgjengeleg for serieskaparar som kun har stått på trykk i stripeblad og aviser, så då var det etter mi meining logisk å skulle nominere Lund som debutant det året han kom med sitt første soloalbum. Dei som røysta i publikumsrøystinga var òg tydelegvis einige med juryen i det, ettersom Lund gjorde reint bord det året.

Bergen kommune har med dei kriteria som no er presentert vald å gå i motsett retning, og der Sproing hausta kritikk for å nominere Børge Lund, gjettar eg at Debutanten kan bli kritisert for å gi prisen til eit menneske ingen nokon gong har høyrd om. (Dog, med tanke på kor mange ulike menneske som sit og diskuterer teikneseriar på nettet risikerer dei sjølvsagt òg å få den same kritikken om dei gir prisen til Øyvind Holen og Mikael Noguchi.)

Eg er beæra over at ein norsk teikneseriepris godtek nettseriar som publikasjonsdebut. Det er eg faktisk. Men ved å definere nettpublisering som debut, attpåtil nettpublisering i eit fora som ikkje har nokon form for redaktørprosess, tar ein frå desse serieskaparane moglegheiten til å vinne prisen eit seinare år, det året dei verkeleg markerer sitt revir i det norske teikneseriemiljøet. Det året alle byrjar å leggja merke til dei, og dei ikkje lenger er kvalifiserte til å få prisen fordi dei delte to striper i sosiale medier i 2009.

Det kan godt hende at eg svartmaler, og at det ikkje eigentleg er dette Bergen kommune meiner i den aktuelle utlysinga. Kanskje dei har ein litt breiare definisjon på kva som kan telja som å vera debutant. Kanskje meiner dei at ein kan vera debutant og verdig kandidat til prisen mange år på rad – det gir kanskje mest meining med tanke på at Mads Eriksen vann Debutanten to gonger, i 2002 og i 2004. Eg veit ikkje. Men når dei går ut og oppfordrar publikum til å kome med nominasjonar, hadde det vore ein storfordel om kvalifikasjonane for nominasjon var så tydelege som mogleg – og slik eg leser kriteria, er dei relativt tydelege på at serieskaparar med tidlegare publikasjonar ikkje kvalifiserer til nominasjon, sjølv når desse publikasjonane var på ein nettstad utan redaktøransvar. Og det synest eg isåfall at er ei trist utvikling for denne prisen å ta.

Eg er likevel svært glad for at Bergen kommune igjen tar initiativ til å dele ut denne debutantprisen, og eg ønskjer juryen, som i år består av representantar for Bergen kommunes kulturavdeling, Raptus, Serienett og Krusedull, lykke til. Det kjem de til å trenge, for eg kjem til å teppebombe dykk med nominasjonar :-) (Og det kan du òg gjera – send forslag til debutanten@raptus.no innan 1. august, henvis til publikasjonar for å gjera det enklare for juryen, og du har forresten lov til å nominere deg sjølv!)

Det skal bli spennande å sjå kva dei landar på!

2 tanker om “Kva er ein debutant?

  1. Arild Wærness

    Takk for oppslag!

    Du nemner (sitat): » Og eg innbiller meg at alle desse vann prisen ikkje då dei starta opp, men då dei verkeleg byrja å gjera seg eit namn.» Heilt riktig.
    Bergen Kommune var heilt tydelege på at prisen skulle vere ei markering, eit handslag til ein som verkeleg slo igjennom for alvor, og dette vart også markert kvar gong prisen vart utdelt.
    Så var det andre som ville dele ut ein slik pris, 3-4 månder før Bergen. Då var det ikkje fullt så gjevt lenger og prisen vart lagt (mellombels) ned. Den andre prisen hadde (litt) andre kriterier enn Bergensprisen, og det vart også mykje debatt omkring denne utdelinga, kriterier m.m.

    Av og til har eg ei kjensle av at debatt og kritikk i det vesle norske seriemiljøet er viktigare enn at det faktisk noko hender. Det skjer også denne gong. Nokre er glade for ein slik pris, mange er særs kritiske og har argumentar vedr. manglande kriterier og slikt. Trur at om ein hadde laga eit kriterium på 200 verselinjer ville det ikkje ha vore nok.

    Då det vart diskutert å ta oppatt prisen «Debutanten» vurderte me å bruke den aller fyrste kriterieforma. Men rekna med at dette ville føre til debattstormar og mykje kritikk, for kor går grensene for «gjennomslag» og kven er det eigentleg som bestemmer? Om folk hadde sett prisen som den opprinneleg var tenkt, eit handslag til ein framadstormande seriekapar, hadde dette vore enkelt. For ka er gale med å glede og ære ein kreativ utøvar?

    Men det var innebygde feil i det opprinnelege kriteriet som var vanskelege å forhalda seg til, spesielt dersom to likeverdige serieskaparar «slår igjennom» same året. Ein får prisen, men ka med den andre, neste år? Er den da for «etablert»? Det var det største problemet med det gamle kriteriet.

    For å unngå alle potensielle fallgruber bestemte me altså å gjere det så enkelt at det kunne seiast i 1 setning: utgjevnadsperiode skulle vere det avgjerande. Så finn sjølsagt mange feil med dette og. Det får så vere.

    Uansett syns eg at juryen skal få lov til å vurdere dei innkomne forslaga etter sitt mangfaldige hovud, og så får me leve med det. Det vert sikkert ein verdig vinnar, trur eg. Lukke til med nomineringa!
    Og takk til Seriebloggen for oppslag, nok ein gong!

  2. Tilbaketråkk: Raptus 2013, dag 1: Pippi Power | Seriebloggen.no

Det er stengt for kommentarer.