Er Sproing den teikneserieprisen vi fortener?

På fredag delast Sproingprisen ut for tjuesjette gong (noko som tilseier at prisen har 25-årsjubileum i år! Gratulerer!), og det er ein årleg tradisjon at Sproing-juryen blir oversymja av kritikk kvar gong prisen skal delast ut. Nokre er ueinige i kven som blir nominerte. Nokre er ueinige i kven som vinner. Nokre er ueinige i kven som har lov til å røyste. Og nokre er berre ueinige i alt. Vel, sånn er det å vera engasjert i noko. Eg tviler ikkje på at både NTF-styret og Sproingjuryen gjer så godt dei kan, men sjølvsagt er vi ikkje einige om alt, og sjølvsagt er det lov til å snakke høgt om det.

Sproingprisen omtalast ofte som norske teikneseriars Oscar-pris, og det er ein pris vi skal vera stolte av, men for moro skuld kan det vera på sin plass å ta den hypotetiske diskusjonen: Kva burde vi eigentleg forvente av ein norsk teikneseriepris? Kva teikneseriepris fortener vi?

(Merk: Dette er ikkje meint som eit kritisk angrep mot Sproingprisen. Sjå meir på det som ein hypotetisk diskusjon rundt temaet «Dersom vi ikkje hadde hatt nokre teikneserieprisar i Noreg, og vi skulle opprette ein, kva hadde då Olaf meint at vi burde tenkja på?»)

Kategoriane

I ei ideell verd kunne vi sikkert ha førti Sproing-kategoriar utan at det hadde føltes som overkill, men la oss gå ut frå at prisen hadde haldt fram med å bli delt ut av ein ideell organisasjon med begrensa budsjett. Dagens Sproing-pris har ein norsk klasse og ein utanlandsk klasse. Tidlegare år har det òg vore ein debutantpris og ein «open klasse». Debutantprisen fjernast i år, og med tanke på kor vanskeleg det eigentleg er i denne bransjen å definere kva ein debutant eigentleg er, er det eit val eg har full forståing for at er tatt. Vil det seie at vi har dei kategoriane vi trenger?

Kanskje, men eg føler at det er ein ting som manglar, og det handlar ikkje like mykje om at ein har feil kategoriar som måten ein har definert kategoriane på.

Dagens Sproing-system favoriserer i stor grad teikneserieromanar og andre lengre historier, og det kan godt hende at det var eit utmerka system i 1987, men dei siste ti-femten åra har hovudvekta av den norske teikneseriesatsinga handla om stripeseriar. Teikneseriar som i staden for å samle historia mellom stive permar fordelar ho utover ei rekke avisstriper. Interessant nok har eg inntrykk av at dei gongene desse seriane faktisk klarer å bli nominert, har dei ein tendens til å vinne: Frode Øverli leverer ein så jamn straum av gode striper i løpet av eit år at då juryen i 2003 nominerte ei kort firesiders Pondus-historie han hadde laga, vann denne. I 2001 valde juryen å sjå Rocky-sekvensene i fire-fem Pondus-blad som ei samanhengande historie og nominere denne, og sjølvsagt vann denne i utanlandsk klasse. Og dei fleste hugsar sannsynlegvis alt oppstyret rundt Børge Lund i fjor, som blei nominert i to klasser for Lunch og vann like mange prisar. Det tilhøyrer likevel unntaka at stripeserier klarer å bli nominert, og i år er det igjen kun lengre historier som har blitt nominerte (utan at det er meint som kritikk mot nokre av dei nominerte – som alle er svært bra).

Vi fortener ein teikneseriepris som klarer å belønne både lengre historier og teikneseriestriper, og eg kan tenkja meg to måter å gjera dette på:

  • Ein kan dele opp Norsk klasse i to kategoriar: Beste lengre teikneserie, og beste stripeserie,
  • eller ein kan utvide definisjonen på kva som kvalifiserer til nominasjon slik at ein anten kan nominere eit års produksjon av ein stripeserie på linje med teikneserieromanar eller at ein går frå å dele ut pris til enkeltteikneseriar til å dele han ut til teikneserieskaparar.

Eg trur at det beste hadde vore å ha to ulike kategoriar, men dette er sjølvsagt like mykje eit økonomisk spørsmål.

Dessutan er det ein kategori til eg kunne tenkja meg at Sproingprisen hadde hatt …

Hall of Fame

Eg veit ikkje korleis Sproing-vedtektene ser ut i år (eg går ut frå at det eksisterer fleire vedtekter enn den arbeidsinstruksen som ligg ute på Sproingprisens nettsider), men i fjor innehaldt vedtektene dette avsnittet (mi utheving):

Spesialprisen: Det er opp til juryen selv å bestemme om det skal deles ut i det aktuelle år samt hvilke kriterier som skal legges til grunn. Juryen kan nominere maks 5 kandidater i åpen klasse. Spesialprisen kan også fungere som en ren ærespris – da velger juryen selv ut prisvinneren uten ekstern avstemning.

Spesialprisen kunne altså ha fungert som ein rein ærespris, og eg går ut frå at den linja har stått der så lenge Åpen klasse har eksistert … Men juryen valde aldri å dele ut denne som ein ærespris.

Og det er synd, for er det noko norske teikneseriar verkeleg treng, er det ein hederspris for lang og god teneste. Ein Hall of Fame for norske teikneseriar, der ein hadde innlemma alle dei viktigaste serieskaparane i Noreg ikkje berre for ein serie dei har laga det året, men for sitt livsverk. Iallfall for sitt livsverk så langt. Kor mange menneske hadde vel ikkje fortent å vera oppført i ein slik Hall of Fame? Christopher Nielsen. Frode Øverli. Jason. Lise Myhre. Dag Kolstad. Arild Midthun. Og så bortetter, og så bortetter, og så bortetter.

Skulle ein ha starta med noko sånt, hadde nok det beste vore at ein starta med å innlemme 5-10 personar, og deretter haldt fram med å dele ut ein hederspris årleg, for lang og tro teneste, med innlemming i Hall of Fame som ein del av premien.

Det hadde kravd ein kjempejobb å få til noko sånt. Men med tanke på kor bra teikneseriemiljø vi faktisk har i Noreg, er eg eigentleg berre overraska over at det ikkje finst enno.

Premien

Vi snakke litt om Sproing-premien. Eg innrømmer glatt at eg synest at Sproing-statuetten er det lekraste trofeet i verda og at det er min store draum å ein dag ha ein av dei ståande i hylla mi. Så den håper eg at Sproing held fram med til evig tid eller iallfall til den dagen eg dør eller til eg faktisk får ein Sproing-pris, avhengig av kva av dei alternativa som skjer først (pro tip: døden). Men …

Eg synest at det er litt merkeleg at Noregs viktigaste teikneseriepris ikkje har ein pengepremie i tillegg. Eg veit, eg veit, NTF har begrensa med ressursar, men hadde det ikkje vore mogleg å samarbeide med nokon? Få inn sponsorar, prøv å få eit samarbeid med Grafill, søk støtte frå Kulturrådet … Gjer noko for å klare å gjera Sproingprisen litt meir lukrativ. Særleg gjeld dette dersom ein nokon gong skal opprette ein debutantpris igjen: Eit lekkert trofe som minner deg på at du er verdsett av teikneseriemiljøet er vel og bra, men det hadde vore greitt å gi våre beste serieskaparar litt hjelp til å betale straumrekninga òg.

Juryen og elektorsamling

Kven er det eigentleg som bør bestemme kva Noregs beste teikneserie er? Og kven er det som ikkje bør få vera med på å bestemme dette fordi dei er for inhabile?

I Sproing-vedtektene står det at tilsette i teikneserieforlag ikkje kan sitja i juryen. Det kan ein jo forstå. Samtidig tøyast dagleg grensene for kva eit forlag er. I fjor kritiserte til dømes nettdebattantar at Ida Eva Neverdahl var nominert til nykommarprisen fordi eg sat i juryen og Neverdahl har vore aktiv på Nettserier.no, som eg driver. Eg valde å trekke meg frå juryen for å unngå at slike spekulasjonar skulle gjenta seg dersom nokon eg kjente skulle bli nominerte i år, men burde vi ikkje strengt talt akseptere at i det norske teikneseriemiljøet som eksisterer i dag er det heilt umogleg å setja saman ein Sproingjury der ingen av dei nominerte kjenner minst eitt av jurymedlemene?

Interessant nok er det heilt uproblematisk at teikneserieskaparar sit i juryen. Tre av fem jurymedlemer i fjor var Ellen Bergheim, Knut Robert Knutsen og meg sjølv, som alle er aktive teikneserieskaparar.

elektorforsamlinga, som utgjer ein ganske stor andel av røystene, er det derimot få serieskaparar å skimte. Vedtektene seier at elektorforsamlinga i tillegg til NTF-styret og sproingjuryen kan bestå av «tidligere vinnere, serieskapere samt ansatte i tidsskrifter, aviser, forlag, forretninger, biblioteker og andre institusjoner som befatter seg med tegneserier», og då kunne ein jo gå ut frå at ein ganske stor andel av juryen var serieskaparar? Eg har sett lista over kven som sit i elektorforsamlinga, og såvidt eg kan sjå er det, bortsett frå Sproing-juryen, *ein* teikneserieskapar der. Av 24 namn er det kanskje litt dårleg?

Røysterett

Og så har vi sjølvsagt elefanten i rommet: Årets avgjersle om at kun NTF-medlemer kan røyste, mot at det tidlegare har vore opent for alle med ei epostadresse. Eg trur det var Kim Holm som i den fortreffelege podcasten Teikneseriehovudstaden sa det best: «Ulempa er at det blir ein popularitetskonkurranse. Fordelen er at det blir ein popularitetskonkurranse.»

Det er ikkje til å kome bort frå at så lenge alle som vil har røysterett, vinn den teikneserien som har forleggjararen med den største epostlista, eller på annan måte klarer å mobilisere flest vener (det eksisterer ei vandrehistorie om at vinnarserien i norsk klasse for nokre år sidan fekk fleire røyster i Sproingavstemminga enn serien hadde kjøparar). Samtidig er det heller ikkje til å kome bort frå at open røysting hjelper enormt på marknadsføring av prisen, fordi serieskaparane då vil gå ut og oppfordre sitt nabolag i Teikneserie-Noreg om å røyste, samtidig som alle som røyster føler seg inkludert på ein måte.

Eg trur og meiner at det er best for prisens integritet at prisen ikkje blir ein popularitetskonkurranse … men då er ein samtidig nøydt til å skape merksemd rundt prisen på ein annan måte, slik at ein veier opp for all den gratis marknadsføringa ein mistar. At prisutdelinga i år flyttast tilbake til Oslo Comics Expo er eit steg i rett retning, men forhåpentlegvis skjer det meir… Mykje meir.

Og når det gjeld den andre fordelen med open røysting, at dei som røyster føler seg inkludert … Eg trur ikkje hovudproblemet er at ein ikkje får røyste sjølv, men heller kven det er som får røyste. For mange kan nok gruppa «medlemer i NTF» opplevast som ei ganske tilfeldig gruppe, for sjølv om NTF er Noregs einaste organisasjon for teikneserieinteresserte er det mange viktige namn i teikneserie-Noreg som ikkje ser noko poeng i å melde seg inn der, og då blir spørsmålet om det er noko som helst som gjer NTFs medlemer meir skikka enn andre til å velja kven som lagar Noregs beste teikneseriar (ja, eg veit at det er NTF som deler ut prisen, men eg har vald å ikkje ta for meg akkurat det i denne diskusjonen). Litt meir problematisk er det at NTF har så relativt få medlemer (31.12.2011 var det 141 av dei) at dette i praksis tyder at prisen har fått ei «elektorforsamling» som det er mogleg å kjøpe seg plass i. Hypotetisk sett kan eg, dersom eg blir nominert til Sproing neste år for ein av dei fantastiske Donald-historiene mine som kjem på trykk i løpet av sommaren, bruke 30 000 kroner på å melde inn hundre av mine næraste vener i NTF og på den måten vera nesten garantert å vinne.

I praksis trur eg at Sproingprisen har to alternativ om ein ønskjer å vera noko anna enn ein intern NTF-pris. Anten må ein opne for at alle kan røyste (og det synest eg som sagt at er eit alternativ med mange svakheiter), elles må ein avgrense røystinga til kun elektorforsamling – og det kan godt vera ei stor elektorforsamling, men det må vera ei elektorforsamling teikneseriemiljøet har tillit til. Det må inkludere teikneserieskaparar, frå fleire delar av teikneseriemiljøet, og aller heslt bør lister over kven som sit i elektorforsamlinga offentleggjerast. Som sagt må dette kombinerast med at ein finn på noko fantastisk marknadsføringsmessig for å veie opp for at ein mister populistrøystene, men eg trur det hadde vore den beste måten å kåre verdige Sproing-vinnarar på.

Kanskje kunne ein òg gjera som enkelte har teke til orde for i sosiale media og gjera dette til ein rein bransjepris, der serieskaparar deler ut prisen til andre serieskaparar? (Med «kanskje» meiner eg «Eg aner ærleg talt ikkje om dette hadde vore det beste alternativet eller ikkje», for sjølv om eg digger teikneserieskaparar, ser eg heller ikkje problemet med at andre aktørar i serie-Noreg slipp til.)

Uansett …

Lykke til til alle som er nominerte til Sproingprisen i år, og måtte den beste vinne! Sjølv gløymde eg å røyste før fristen gjekk ut, og eg kjem meg heller ikkje på utdelinga på fredag for å heie dykk fram, men eg krysser fingrane for at de får eit flott arrangement.

Og sidan alt alltid kan bli betre, kryssar eg samtidig fingrane for at det blir eit ENNO betre arrangement neste år.

En tanke om “Er Sproing den teikneserieprisen vi fortener?

  1. Kyrre Matias Goksøyr

    Endeleg eit debattinnlegg om SPROING som ikkje er direkte knytt til nominasjonane! Eg har nokre kommentarar til det du skriv, og til dei kommentarane som dessverre ikkje er her, men på Serienett si Facebook-side.

    Open klasse dukka først opp i 2009. Teksten du viser til som eksplisitt opnar for å bruke den som æresepris var ikkje med då, heller ikkje året etter, men var allereie då open nok til at ein sikkert kunne gjort ærespris av det. Grunnen til at ein ikkje gjorde det då, var fordi juryen meinte det var på tide å trekke fram stripene igjen.

    Dessverre var det også der ei litt sær nominering, som tradisjonen tru førte til den føreseielege debatten på Serienett.no.

    På Serienett si Facebook-side kommenterer Øyvind Holen som oppfølging til dette innlegget at «best ongoing series» kunne vere ein fin kategori. Det var det juryen brukte open klasse til i 2010.

    Han føreslår også beste samling, som er det 2011-utdelinga si open klasse endte opp som, etter at bråket på Nettserier vart såpass omfattande at juryen gav etter.

    SPROING-prisen har så vidt eg veit éin gong delt ut pengar, basert på støtte som berre vart gitt unnataksvis. Stader der ein gjerne søker støtte, som Kulturrådet og Fritt Ord, gir av prinsipp ikkje pengar til å støtte andre sine prisar, då dei har sine eigne prisar. Å skaffe sponsorpengar er generelt ikkje det mest lukrative eller lettaste arbeidet å halde på med, men sjølv om det kunne vore gjort mykje meir, er det ikkje slik at det ikkje er gjort forsøk. Som Erle Marie Sørheim påpeikar i diskusjonen på Facebook har det ikkje alltid berre vore lett å få inn utgjevingar frå alle forlaga heller, så siste par åra er heile kravet om at utgjevingane skal vere sendt inn til juryen blitt tatt ut. Det skal nok også meir enn ein liten innsats til for at dei skal betale for å vere med.

    Når det gjeld dei debattane som har kome rundt SPROING, er det nokre ting eg tykkjer er traurig. Ein ting er at dei har vore så forutsigbare, og at dei ofte har handla om ganske uinteressante formalitetar. Diskusjonen rundt deg/Nettserier/Neverdahl var i så måte reint pinleg. Det er også synd at endringsarbeidet som har vore gjort, ikkje har ført til endring i debattane. Men mest synd er det at kranglinga ikkje har ført til merksemd utanfor den ganske vesle sfæra Serienett er. Og der burde SPROING-juryen, mellom anna eg medan eg tok del, kanskje ha nytta bråket til å få prisen ut til fleire.

    Men for å svare på spørsmålet ditt:
    «Kva teikneseriepris fortener vi?»

    Eg meiner vi fortener ein til. Eller to til. Eg håper Raptus tek opp igjen debutanten, som eg framleis ikkje heilt forstår kvifor dei la ned. Ein pris der serieskaparar valde ut vinnaren hadde vore flotte greier. Ein pris der bokhandlarar eller bibliotek valde ut vinnaren hadde vore endå betre. SPROING si svake side er den manglande merksemda rundt nominasjonane. Bekymringa ein del har hatt for stemmegivinga vil eg påstå er overdrive. Vandrehistoria du viser til trur eg kan passe fleire enn den eine, av di folk gjerne stemmer på type teikneserie, eller ein serieskaper dei kjenner andre seriar av. Om det er eit problem eller ikkje kan ein ha delte meiningar om, men elektorforsamlinga har ikkje fiksa problemet, korkje med 50 % eller 25 % vekting. Men «teikneseriemiljøet», og teikneseriane dei les og lagar er såpass heterogene at eg ikkje trur løysinga er å heile tida lappe på SPROING-prisen for å fenge alle. Litt konkurranse kunne den derimot ha godt av.

Det er stengt for kommentarer.