Vi må snakke om Tegneseriens dag

Visste du at det var Tegneseriens dag i går?

Kva med kompisen din, han som kanskje kjøper Pondus ein gong i månaden, men ikkje engasjerer seg spesielt i teikneseriar utanom det? Visste han at det var Tegneseriens dag i går?

Sannsynlegvis ikkje. Tegneseriens dag, som for sju-åtte år sidan blei markert med glød og livslyst over heile landet, har utvikla seg til å bli ein parantes, som dei færraste teikneseriemiljø markerer. Kva var det som skjedde?

Kanskje synest du at eg er urettferdig. Kanskje vil du påpeike at bl.a. Outland markerte Free Comic Book Day i går. Eller at det faktisk var nokre få markeringar av dagen, noko vi kjem tilbake til i eit seinare innlegg. Ok, dei er unntaka. Men når det gjeld teikneseriebutikkane: Det er heilt supert at dei markerer dagen, men er det der vi verkeleg trenger å setja inn støtet, på ein dag dedikert til teikneseriar? Er det ikkje dei menneska som ikkje allereie er så hekta at dei oppsøker teikneseriebutikkar vi burde prøve å gripe tak i på Tegneseriens dag?

Eg trur at svaret på kva som eigentleg skjedde med Tegneseriens dag, ligg i eit anna spørsmål: Kven er det som arrangerer Tegneseriens dag? Det er … den udefinerbare massen «dei som måtte ha lyst til det i diverse norske teikneseriemiljø». Og kven koordinerer dette? Ingen.

Då Tegneseriens dag blei starta opp i 2005, var det etter initiativ frå Tegneserietinget, ei samling av representantar frå alle teikneseriemiljøa i Noreg som såvidt meg bekjent har hatt eitt einaste møte. Dei vedtok at det skulle opprettast ein eigen teikneseriedag, som skulle leggjast til den første laurdagen i mai for å samanfalle med Free Comic Book Day, og Norsk Tegneserieforum tok på seg oppdraget med å vera nasjonal koordinator for dette dei første åra. Og det fungerte! Idear blei kasta fram og tilbake mellom byar i Noreg, det blei produsert og distribuert eit eiget gratis Tegneseriens dag-hefte, og over heile landet fekk vi ikkje berre spredt interessa for teikneseriar, vi fekk òg haugevis av medieoppslag om det.

Så kom 2007. Då var kanskje Tegneserietinget gløymd for lenge sidan, og vi har teknisk sett ingen rett til å forvente at Norsk Tegneserieforum skulle gidde å halde fram med å vera nasjonal koordinator for arrangementet lenger. Likevel blei nok mange av oss skuffa då dei annonserte at dei ikkje lenger ville jobbe med Tegneseriens dag fordi dei heller ville prioritere Oslo Comics Expo. Utan ein nasjonal koordinator blei det straks litt tyngre for lokalmiljøa å skulle arrangere noko den dagen. Særleg når Oslo Comics Expo, som avhengig av kven du snakka med anten var ei Oslo-lokal markering av Tegneseriens dag eller noko heilt nytt, byrja å invitere alle dei lokale miljøa til å kome til Oslo og ha stands den dagen.

Vi forsøkte likevel. Men utan nokon til å koordinere det heile, forsvann kjensla av at det var Tegneseriens dag. Då føltes det berre som om vi hadde diverse små teikneseriearrangement som tilfeldigvis var lagt til same dato. Og det var ikkje så mange av dei. Eg dreiv i nokre år nettstaden Tegneseriensdag.no, der eg forsøkte å samle informasjon om kva arrangement som føregjekk den datoen, og om vi ser bort frå Free Comic Book Day og dei folkebiblioteka som markerte dagen med å stille ut eit lite utval av teikneseriane sine, var det sjeldan meir enn tre-fire små arrangement. På landsbasis. Då vi i 2008 hadde eit samarbeidsarrangement i Tromsø og Steinkjer der vi sat på kvart vårt kjøpesenter og hadde teikneseriestafett, forsøkte vi å få med fleire byar, men vi klarte rett og slett ikkje å engasjere fleire. Då eg gjekk lei av å drive Tegneseriensdag.no på eiga hand maila eg ei rekke større aktørar i teikneserie-Noreg og spurte om dei var interesserte i å overta, men eg fekk ikkje eit einaste svar. Årets Tegneseriens dag har ifølgje Atekst ikkje hatt eit einaste presseoppslag, og har heller ikkje vore førehandsomtalt på Serienett, «Norges eneste tidsskrift om tegneserier» som «gir deg siste nytt om norske tegneserieutgivelser, anmeldelser og andre tegneserierelaterte nyheter».

Så kva kan vi gjera? Kva kan vi gjera for å trekke Tegneseriens dag fram frå gløymselen igjen, og gjera det til ein dag der teikneseriane hamnar i søkelyset? Over heile landet – ikkje berre ein stad?

For det første trur eg at dei av oss som arrangerer Tegneseriens dag må bli flinkare til å engasjere teikneserieskaparar. Teikneseriebutikkar og teikneserieentusiastar er bra, men alle dei gode Tegneseriens dag-initiativa krevjar at ein har serieskaparar på laget – anten det er snakk om å lage eit hefte, å halde teikneseriekurs for ungdom, eller å sitja og teikna i eit butikkvindauge ei heil natt.

Ein annan openbar aktør ein nasjonal koordinator burde ta tak i, er forlaga. Frå eit økonomisk standpunkt er det dei som har mest å tene på fleire menneske oppdagar teikneseriar. Stadig fleire småforlag utgir teikneseriar i dag, og ein aktør på Egmonts storleik tør eg vedde på at hadde vore veldig interessert i å bidra til gjennomføringa av ein slik dag dersom dei berre hadde blitt spurt. Men då må nokon spørja.

Og då treng vi nokon som tør å ta på seg rolla som nasjonal koordinator. Spørsmålet er kven.

Norsk Tegneserieforum var i 2005 og 2006 ein openbart kandidat for jobben, og dei gjorde ein god jobb – heilt til dei trakk seg ut av det nasjonale engasjementet for å prioritere å arrangere ein teikneseriefestival på Grünerløkka. I år hadde eg håp om at NTF kanskje skulle ta opp fakkelen igjen. Dei var med på å arrangere noko på biblioteket i Bergen i 2012, og i 2013 hadde dei i arbeidsprogrammet sitt at dei skulle «[a]rbeide for å få bibliotek, tegneseriebutikker og tegneserieforlag med på felles feiring av Tegneseriens Dag». Dei registrerte til og med domenenamnet Tegneseriensdag.no igjen! Men så høyrde vi ikkje noko meir, og så … prioriterte dei å arrangere enno ein teikneseriefestival på Grünerløkka. Vi burde kanskje ha sett det kome denne gongen.

Tegneseriens dag har eit kjempepotensiale. Men skal vi kunne klare å gjera dagen fantastisk, vi ha ein nasjonal koordinator.

Nokre frivillige?

4 tanker om “Vi må snakke om Tegneseriens dag

  1. Kristian Hellesund

    Bare en liten kommentar om Serienetts dekning av Tegneseriens dag: Serienett har hatt forhåndsomtale på Serienetts Facebook-gruppe flere ganger. Som det står i venstre marg under «Om Serienett» på nettsiden, så er det en del stoff som kun publiseres på Facebook-gruppen. Dette er i hovedsak notiser om tegneserienorge, linker til tegneseriesaker i norske nettaviser og omtaler av tegneseriestoff på trykk i norske papiraviser. Til sammen dokumenterer de to Serienett-arenaene veldig mye som foregår i tegneserienorge – både arrangementer, utgivelser og det som andre medier skriver om.

    1. Arne Bye

      Dersom det er sånn at Serienetts Facebookgruppe er en del av Serienett, så synes jeg dette er ekstremt lite brukervennlig. Det er en del mennesker der ute som av prinsipp ikke er på Facebook, og av dem som er på Facebook er det også en del som av prinsipp ikke vil være medlem av grupper på grunn av strukturen i gruppene på Facebook.

      En gruppe er dessuten et medium for intern diskusjon og er bygd opp deretter, ikke som et nyhetsmedium. Det har man sider til, og det er det Serienett burde hatt i stedet for en gruppe. Det blir som å ha et diskusjonsforum på Serienett.no i stedet for en nyhetsside. Det er svært hensynsløst og lite brukervennlig ovenfor egne lesere å forvente at de skal måtte tilpasse seg hva som er enklest for Serienett, og ikke omvendt.

      Men selv om jeg mener Serienett burde hatt en side i stedet for en gruppe, så mener jeg på ingen måte at denne siden skal være en erstatning for Serienett.no, slik det er nå. For nå ekskluderes faktisk en god del potensielle lesere fra siden, lik det eller ikke. Selv de som faktisk er på Facebook må være heldige for å legge merke til den lille teksten i venstre kolonne om Serienetts facebookgruppe.

      Så nei, Serienett har ikke dekket Tegneseriens dag. Dere har nevnt dagen i et eksternt diskusjonsforum.

  2. Tilbaketråkk: Tegneseriens natt | Seriebloggen.no

Det er stengt for kommentarer.