«Usynlige tegneserier»

Grafill har no lagt ut featuren «Usynlige tegneserier» (tekst: Pia Ekeland) på sine nettsider. Ein svært godt skrive artikkel som først og fremst omhandlar teikneseriar i bokhandelen – anbefalast på det varmaste.

Eg får bakoversveis kvar gong Håvard S. Johansen fortel om bokhandlarar som set Maus i barneavdelinga og Stop.Rec.Ffwd i musikkavdelinga. Eg skjønar at bokbransjen er så stor og inneheld så mykje forskjellig at ein ikkje kan forvente at alle bokhandlarar i Noreg skal ha tilsette med god peiling på alle sjangrane butikken sel, men teikneseriemediet er så etablert no at det må vera lov til å håpe at det skal tilhøyre unntaka at ein plukkar opp ei bok med ei teikning av Auschwitz på omslaget og tenkja «Dette er nok ei humorbok som passar fint i barneavdelinga». Klarer ikkje den enkelte bokhandel å sjå forskjellen, bør nokon – anten bokhandlarkjeda sentralt, Bokhandlerforeningen eller kanskje Den norske Bokdatabasen – gjera denne informasjonen tilgjengeleg for dei i ei passande database eller på annan måte. Det er svært godt å sjå at teikneseriegruppa i Grafill – ein av dei viktigaste ressursane teikneserie-Noreg har – tar tak i dette.

Eg er òg veldig spent på kva som kjem ut av denne setninga i siste avsnitt:

Grafill vurderer nå hvilken form et norsk nettmagasin om tegneserier eller en samleportal bør ha.

Følg denne lenkja for å lese heile featureartikkelen på Grafill.no.

3 tanker om “«Usynlige tegneserier»

  1. Kristian Hellesund

    Helt enig med deg, Olaf. Ekeland har skrevet en flott tekst, selv om mange av synspunktene har vi hørt en del ganger før. Blant annet har dette med distribusjon vært tema på Serieteff flere ganger. Og Arild Wærness har snakket om dette i årevis – for eksempel i dette intervjuet fra 2007:

    http://www.serienett.no/article/563/vinden-blaser-fortsatt-fra-vest

    Ellers er det spennende med hva teksten sier om Grafill. Vi trenger flere norske tegneserietidsskrift, og om Grafill tar initiativet til «et norsk nettmagasin om tegneserier eller en samleportal» skal jeg være den første til å bifalle det. Tegneserier har altfor liten oppmerksomhet i norske medier, og det hadde vært helt topp om man kan få flere stemmer til å fremme den niende kunstart her til lands.

    1. Olaf Innleggsforfatter

      Joda, Kristian, sjølvsagt er dette eit tema som har vore diskutert mange gonger tidlegare, DET kan vi nok vera einige om. Det mest interessante med akkurat det er jo kven det er som snakkar her. I form av å vera serieskaparanes eigen organisasjon er Grafill kanskje den aktøren som har størst sannsynlegheit for å løysa dette problemet. Det var, slik eg har forstått det, dei som var hovudkrafta bak at vi fekk innkjøpsordninga for teikneseriar (sjølv om det tok ei stund, men sånn er det jo med politikk). For oss som sit midt i den boblande teikneseriekjernen er synspunkta sjølvsagt kjente, det er ikkje første gong dei blir sagt – men at dei blir samla i ein sånn featureartikkel og presentert av av Grafill gjer dei likevel interessante.

  2. Tilbaketråkk: Tegneserier i bokhandelen – sett fra andre siden av disken | Seriebloggen.no

Det er stengt for kommentarer.