Scott McCloud kjem til OCX!

Eg fekk heilt hakeslepp då eg på onsdag las ei sak på Serienett om tre nye namn på gjestelista til OCX. At Martin Erntsen og Henry Bronken kjem til festivalen er sjølvsagt hyggeleg, men den store nyheita som verkeleg fekk meg til å sperre opp auga, var namnet Scott McCloud.

Foto: Olaf Moriarty Solstrand (t.v.) og Scott McCloud, oktober 2006.

McCloud er for meg eit av dei aller største namna i teikneserieverda, og eg har ønskja meg å sjå han på ein norsk festival så lenge eg kan hugsa (trur faktisk at eg òg foreslo det for OCX på eit tidspunkt, utan at eg klarer å presentere ei kjelde på det). At han difor no kjem til OCX er ei fantastisk nyheit, og eg håper at så mange som mogleg tar turen dit.

Dersom du mot formodning aldri har høyrd om Scott McCloud før, gjer meg (og deg sjølv) ei teneste: Stikk anten til ein god nettbokhandel eller til ditt lokale bibliotek og få tak i Understanding Comics : the invisible art. Det er den beste boka som nokon gong har blitt skrive om teikneseriar, og eg trur at alle som nokon gong etter 1993 har skrive ei skoleoppgåve på høgskolenivå eller høgare om teikneseriar har hatt ho på litteraturlista. Her kjem McCloud med ein definisjon på teikneseriar som står like solid den dag i dag som då, og ved å skilja mediet frå innhaldet klarer han å sjå på teikneseriar klarare enn dei fleste andre nokon gong har gjort. Blant temaa som takast opp i boka ser McCloud på døme på teikneseriar som er titusener av år gamle, han snakkar om det visuelle språket som brukast i teikneseriar, og om viktigheita i alt det som ikkje blir teikna, alt det som på grunn av måten hjernane våre fungerer på foregår både utanfor rutene og mellom rutene, han snakkar om tid i teikneseriar og korleis ein omformar tid til rom på papiret, og han ser på korleis det er enklare å leve seg inn i enkle strekteikningar enn i realistiske teikningar. Eg klarer sannsynlegvis ikkje å formidle med ord nøyaktig kor bra denne boka er, så gjer deg sjølv den tenesta at du les ho sjølv …

… og forresten, heile boka er ein teikneserie.

McCloud har òg laga to bøker til i same stil. I Reinventing Comics frå 2000 ser han på korleis teikneseriar bør utvikle seg for å møte framtida, og særleg i forhold til digitale media. Denne boka blei nok ikkje like populær som Understanding Comics, men det er heller ikkje så rart – medan Understanding var Løysinga På Alt, den fantastiske boka om teikneseriar som alle hadde venta på, var Reinventing eit partsinnlegg, McClouds meiningar om eit tema ganske mange hadde meiningar om. Making Comics frå 2006 er ein slags manual for alle oss som drøymer om å lage våre eigne teikneseriar, utan at det med det blir ein detaljert skildring i nøyaktig korleis ein skal teikna for å etterape stilen til den-og-den Marvel-teiknaren – boka går meir til det grunnleggjande, og presenterer ganske mange av dei viktige prinsippa ein må tenkja gjennom når ein lager teikneseriar. På same måte som einkvar teikneserieentusiast bør ha Understanding Comics i hylla, synest eg at alle serieskaparar burde anskaffe Making Comics.

McCloud har òg laga nokre teikneseriar sjølv, bl.a. Zot!, og han er ein av initiativtakarane til 24 Hour Comics Day. Han var på Noregs-besøk i 2011, då han tok turen til Bergen, men det var i samband med eit lukka arrangement. Dette er første gong han kjem til ein open teikneseriefestival, og det håper eg så mange som mogleg utnytter seg av.

Scott McCloud er ein svær guru innanfor teikneseriar, og det er ikkje utan grunn. Les bøkene hans. Følg han på Twitter. Les bloggen hans. Og møt opp for å høyra på han på Oslo Comics Expo 7.-8. juni 2013.

Etter såpass mykje skryt av Scott McCloud er det òg på sin plass å skryte litt av Oslo Comics Expo, for eg skal ærleg innrømme at eg ikkje eigentleg hadde forventa dette. Eg skjøner at gjestene som kjem til OCX er ganske svære namn for dei som likar dei, men personleg må eg ærleg innrømme at eg har sett på lista over utanlandske gjestar og ikkje kjent igjen eit einaste namn. Og det er forsåvidt heilt greitt, for Oslo Comics Expo har ein heilt annan profil enn den ultrafolkelege Raptusfestivalen – ein kjem ikkje til OCX for å møte Don Rosa, for å seie det sånn. Men konsekvensen av det har vore at sånne som meg av og til opplever OCX som noko framand, noko vi ikkje heilt klarer å få eit forhold til. Men så kom Chris Ware i 2012. Og i år kjem Scott McCloud. Svære namn som, utan at dei hamnar heilt på Lise Myhre-enden av folkeleg-skalaen, er folk som dei aller fleste av oss med høg teikneserieinteresse har høyrd om. Eg kan ikkje gjera anna enn å applaudere.

Og så får eg heller berre irritere meg litt over at eg er utanlands under årets OCX og difor går glipp av heile festivalen – men det hindrar meg ikkje i å på det sterkaste oppfordre deg til å ta turen til Grünerløkka i juni.

(NB: Eg ser at dette visstnok har vore kjent sidan 8. april, men eg blei ikkje merksam på det før Serienett skreiv om det, så difor kjem min reaksjon no.)