Kva er Seriebloggen?

Seriebloggen.no er både eit forsøk på å lage ein nettstad der vi skriver om aktuelle tema i norsk teikneseriedebatt, og eit forsøk på å skape fleire unike røyster i den same debatten. For all del, det er fleire der ute som skriver om teikneseriar, men det blir veldig mykje gjenforteljingar, referat om kva som skjer, nøytrale rapportar. Vi saknar dei gode kronikkane. Vi trur at den norske teikneseriekulturen er så rik og mangfaldig at det vil vera enkelt å meine og skrive mykje om denne med jamne mellomrom, og føler at diskusjonen om teikneseriar aldri kan få for mange røyster.

Nettstaden drivast av Comicopia AS. Faste skribentar er Olaf Moriarty Solstrand og Arne Bye, utan at vi med det ønskjer å planleggja ein tydeleg oppdateringsplan her og no – oppdateringane kjem når dei kjem. Alle meiningar du finn på denne nettstaden reflekterer kun det akkurat den artikkelforfattaren tenkjer – vi er ikkje nødvendigvis einige om alt.

Vi kjem sjølvsagt til å prøve å skrive litt om det som skjer innanfor norske teikneseriar, men dette er verken ei nettavis eller eit tidsskrift – det er ein blogg – og difor vil vi sannsynlegvis i dei fleste tilfelle der vi skriver noko farge det kraftig med våre personlege meiningar. Teikneserieomtalar er det derimot  ikkje sannsynleg at vi kjem til å skrive, då vi begge er teikneserieskaparar sjølv og det kan vera vanskeleg å uttale seg halvvegs objektivt om dei menneska vi reknar som våre kolleger.

Det er ikkje utenkjeleg at vi etterkvart òg vil blogge om andre Comicopia-produkt, som Nettserier.no eller teikneseriane vi har planer om å utgi sjølv etterkvart. I så fall vil vi så godt vi kan merke desse innlegga med informasjon om nøyaktig kor subjektive vi er i saka, sånn at ingen treng å bli lurt.

Tida vil vise om vi får fleire faste bloggarar etterkvart, eller om vi på eit tidspunkt opnar for gjestebloggarar. Begge delar kunne ha vore interessant, men det kjem vi i så fall tilbake til. Har du sterke meiningar om eit tema vi bloggar om, står du inntil vidare fritt til å bruke kommentarfeltet.

Vi har snakka om dette ei stund, og diskutert ei rekke tema det kunne ha vore interessant å blogge om, så vi gleder oss!

En tanke om “Kva er Seriebloggen?

  1. Kristian Hellesund

    Med dette gratulerer jeg Comicopia med et nytt nettsted om tegneserier. Jeg tror at Seriebloggen fra første stund vil være et flott tilskudd til tegneserienorge. Det blir spennende å se hva Seriebloggen kan sette fokus på, og jeg ser også frem til mye godt og interessant lesestoff om tegneserier.

Det er stengt for kommentarer.